NRK Meny
Normal

Nytt bibliotek på Bryne

I 25 år har biblioteket på Bryne vore gøymt bort i andre etasje i rådhuset. I dag var det tid for nyopning midt i sentrum.

time bibliotek

Time-ordførar Arnfinn Vigrestad opna det nye biblioteket på Bryne søndag.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

I dag gjekk startskotet for opningsveka for det nye Time bibliotek. Mange har venta lenge på denne dagen, blant dei ordførar Arnfinn Vigrestad.

– Det har tatt lang tid å få på plass eit skikkeleg bibliotek på Bryne. Men nå er det klart, og det ser strålande ut, seier han.

Midt i sentrum

Det nye biblioteket ligg midt i Bryne sentrum og er eit samarbeidsprosjekt med Garborgsenteret. Her kan folk låna bøker, gå på konsertar eller forfattarkveldar.

– Eg håpar biblioteket blir til inspirasjon til folk i Time. Spesielt håpar eg dette blir eit trekkplaster for barn og unge, seier Vigrestad.

– Herleg

Også biblioteksjef, Vidar Lund, var ein glad mann i dag.

– Dette er herleg. Eg ser fram til nokre flotte år i biblioteket. Dette kjem til å bli eit lågterskeltilbod for alle. Slik eg ser det er biblioteket ein av dei siste plassane i samfunnet som framleis er ope for alle.

Opningsveka til Time bibliotek held fram til 23. oktober. Forfattarbesøk, filmframsyningar og konsertar er noko av det som står på programmet.

time bibliotek2

Mange ville få med seg opninga av Time bibliotek søndag.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK