NRK Meny
Normal

Nystrøm takka nei

Ulf Nystrøm har takka nei til å trene Stavanger Håndball til hausten.

- Det er av personlege årsaker at Nystrøm har takka nei, seier sportsleg leiar i Stavanger Håndball, Roy Schølberg.

Stavanger Håndball er skuffa over avgjerda til Nystrøm, dei meiner profilen hans passar Stavanger håndball særs godt.

Dei kjem no til å jobbe vidare med å skaffe ny trenar, men sportsleg leiar Roy Schølberg trur det blir vanskeleg å finne ein trenar som er så flink til å utvikle talent som Nystrøm.