No kan du teste deg utan å gå via fastlegen

STAVANGER (NRK): Eli Zeller jobbar i helsevesenet og har vore på bryllaupsfest i Tyskland. Ho var ein av dei første som i dag fekk teste seg utan tilvising frå fastlege.

Testing utan legehenvising

Her blir Eli Zeller testa. Ho har nett kome heim frå reise i Tyskland.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Det er veldig bra at det no har vorte lettare å teste seg. Eg tenkjer òg at det er fint at fastlegane får ein avlastning, seier Eli Zeller før ho køyrer inn til luftvegslegevakta ved Stavanger forum, der ho blir testa for korona.

Eli Zeller

Eli Zeller trur ikkje ho er smitta, men arbeidsgivar krev negativ test før ho får byrje å jobbe.

Foto: Magnus Stokka / NRK

I dag er det innført nye testkriterium. Alle som mistenkjer at dei er smitta skal få teste seg utan vurdering frå lege.

Desse får teste seg

– Det er viktig at alle som no trur at dei kan vere smitta eller har forkjølingsliknande symptom, nyttar høvet til å teste seg, sa assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad då dei fortalde om den nye ordninga.

Du får teste deg viss du oppfyller desse krava:

  • Alle med nyoppstått luftvegsinfeksjon eller andre symptom på covid-19. Det kan vere feber, og det er nok med litt sår hals for å få test.
  • Alle som kan ha vorte smitta med covid-19, anten som nærkontakt eller etter reise i land med høg førekomst dei siste 10 dagane.
  • Andre grupper kan testast etter vurdering av lege. Ved test av personar som ikkje har symptom og ikkje er smitteeksponerte må positiv test stadfestast av ny test.

Alle som vil testa seg må sjekka kommunen sine heimesider om korleis du skal gå fram.

– I store kommunar er det testsenter som koordinerer dette, i mindre kommunar vil det berre bli tatt koronatest ved fastlegekontora, seier Nakstad.

Han presiserer også at testen er heilt gratis.

Etter testing må du halda deg heime til du har fått negativt prøvesvar og er symptomfri.

Trøbbel med koronatelefon

I Stavanger må avtalen om testing gjerast via koronatelefonen, men på første dag fekk kommunen trøbbel med telefonen.

– Vi har kapasitet til å svare mange, men dei som ikkje kjem gjennom får ei telefonsvarmelding som inneheld feil info. Dette jobbar vi med å fikse, sa Øyvind Berekvam, som er kommunikasjonsrådgjevar i Stavanger kommune.

Klokka 11.30 seier direktør for helse og velferd, Eli Karin Fosse, at startproblema med telefonen er fiksa opp.

Kommunen bemannar òg opp på koronatelefonen. Mange har allereie book testing.

– Vi får tilbakemelding om stor pågang. Dei siste dagane har vi hatt om lag 350 testar, nå reknar vi med ein auke. Kapasiteten vår ligg på 400 til 450 i testteltet vårt no, siger Fosse til NRK.

Også i Oslo, Bergen og Trondheim har dei oppretta koronatelefon, medan ein i Bergen også kan bestilla testtime direkte på nettsidene.

Fryktar ikkje smitte

Eli Zeller hadde allereie booka avtale, sjølv om ho eigentleg ikkje trur ho er smitta.

– Vi har hatt veldig gode rutinar i samanheng med bryllaupet, men eg jobbar i helsevesenet og får ikkje byrje å jobbe før eg har avlagt ein negativ test, seier ho.

– Korleis var det å teste seg?

– Det gjekk forbausande bra, mykje betre enn eg hadde trudd. Men det var likevel litt ubehageleg, seier ho med eit smil.

Gjeld allereie i Tromsø

Sjølv om FHI melder at dei nye testkriteria gjeld frå og med onsdag denne veka, så er dei allereie gjeldande i Tromsø kommune.

– Vi krev ikkje vurdering eller tilvising frå lege for å kunne teste seg for korona hos oss. Men vi ber om at ein ringjer koronatelefonen vår først, før ein møter opp på testsenteren vårt eller spør om heimetesting, seier Tor-Emil Schanche, kommunikasjonsrådgivar i Tromsø kommune.

Kommunen kan teste rundt 90 personar kvar dag.

– I samband med MS Roald Amundsen-situasjonen testa vi rundt 1000 menneske førre veke, men situasjonen rundt MS Roald Amundsen har vore og er ekstraordinær, seier Schanche.

Status Norge

Sist oppdatert: 26.09.2020
768
Siste uke
19
Innlagt
270
Døde