– Me fuller båten opp med ulovlege teiner kvar gong me er ute på kontroll, seier Oddvar Gabrielsen, som er seniorinspektør i Fiskeridirektoratet, medan han lossar dagens fangst av ulovlege hummarteiner opp på kaien i Egersund, der politiet står klare og sikrar bevisa.
Heile sju hummarteiner blei det denne gongen. Eigarane blir melde politiet, som vurderer om dei tek saka vidare. Ulovleg hummarfiske kan i verste fall gi fengselsstraff.
– Eg er ikkje overraska over at dei tek mange når dei først har kontroll, for det er mange useriøse her ute på sjøen. Det ulovlege fiske går utover dei som ønsker å driva seriøst med hummarfiske, og som er avhengige av å tena pengar på dei, seier yrkesfiskar Frank Leidland, som tilfeldigvis kjem forbi.
- Les òg:
Nye og strengare reglar
For det er ikkje lov å fanga hummar før på sundag klokka åtte. Fram til då er den norske hummaren freda. På kontrollen Fiskeridirektoratet hadde på sundag blei ein hummar sluppen fri. I tillegg blei alle krabbane som var fanga i ulovlege hummarteiner også slupne fri.
– Me veit at det er mange som har hummaren liggande i teiner fram til første oktober. Når dei då trekk den opp har den blitt «kvitvaska». Men også dette er strengt forbode, seier Gabrielsen.
I år blir det stilt ekstra strenge krav til dei som søker lukka med hummarteinene. Kvar teine skal både vera merka med eigaren sitt namn, telefonnummer og adresse, i tillegg til registreringsnummer.
– Denne registreringa er ny av året. Me ser at så langt har heile 20.000 personar registrert seg. Det syner at dei aller fleste ønskjer å gjera dette på lovleg måte, seier Gabrielsen.
- Les òg:
– Kjekk tid
At Fiskeridirektoratet kan fulle opp båten med ulovlege teiner kvar gong dei er ute, meiner dei er urovekkande.
– Mange av teinene har ligge svært lenge, noko som går fram av ting som veks på taua, det vil seia at krabbar eller hummmarar som går inn kan daua og svelta i hel. Det er trass alt noko som heiter dyrevelferd også her, seier han.
Men når dagens syndarane er tekne, og sjøen litt meir fri for ulovlege teiner, er det først og fremst med glede dei ser fram til første oktober og oppstart for hummarfiske.
– Det er ei veldig kjekk tid som engasjerar veldig mange fritidsfiskarar, noko som er veldig bra, avsluttar Gabrielsen.