NRK Meny

Nye kommunenamn skal diskuterast

Fylkesmannen har invitert til dei første felles kommunestyremøta etter at Stortinget har gjort vedtak om samanslåing. I Rogaland skal det vera to felles kommune-styre-møte, eitt med Stavanger, Rennesøy og Finnøy, og eitt med Sandnes og Forsand. Begge møta skal vera i Statens hus i august, og noko av det som skal diskuterast er namn på dei nye kommunane og tal på medlemmar i dei nye kommunestyra.