Hopp til innhold

Dei «nye» musikarane som ser bakover i gammal tid

Den eine har berre høyrt gamle folkemusikkopptak i fem år. Den andre står bak ein nattklubb med springar på dansegolvet. Folkemusikken tar over nye arenaer.

Anders Sundsteigen Hana spiller munnharpe

Anders Sundsteigen Hana demonstrerer slåttespel på munnharpe.

Foto: LARS ARNE LINDLAND / NRK

– Det er jo eitt eller anna i vinden om dagen, verkar det som. Plutseleg forgreinar det seg ut på så mange ulike vis.

Anders Sundsteigen Hana er musikar med lang fartstid innan eksperimentell musikk. Han har sneia innom elektronisk musikk, avantgarde, improv, techno, jazz, støy og dei aller mest avsidesliggjande undersjangrane av rock, og metal.

No kjem inspirasjonen frå ein heilt annan tradisjon.

Arkivopptak i bilstereoen

Eg har høyrt utelukkande på arkivopptak med norsk folkemusikk i fem år. Eg har det i bilen, har det heime. Det er det einaste eg høyrer på.

Anders Sundsteigen Hana med hardingfele

Anders Sundsteigen Hana har prøvd mange sjangrar, men no kjem inspirasjonen frå folkemusikk.

Foto: LARS ARNE LINDLAND / NRK

Dei siste åra har Hana lært seg å spele langeleik, hardingfele, munnharpe og mikrotonal gitar. Han meiner drivkrafta kjem frå den unike tonaliteten dei eldste opptaka av norsk folkemusikk har, før han blei freista strigla til kommersiell bruk.

Kløyvde tonar

– Eg vart frelst av tonalitetsaspektet i dei gamle opptaka der du høyrer at felespelarane var veldig frie musikarar når dei spelte, seier Hana og legg til:

Mikrotonal gitar

Gripebrettet på gitaren til Hana, er ikkje som andre gitarar. Her er banda lagt til rette for mikrotonalitet.

Foto: LARS ARNE LINDLAND / NRK

– Det var ingen som brydde seg om trekkspel-skalaen, eller pianoskalaen. Det var dei som hevda at det høyrdest ut som om dei kløyvde tonar i folkemusikken, og det var det som trigga meg.

I tillegg til å lage sin eigen versjon av norsk folkemusikk i konstellasjonar som Naaljos Ljom og Malmin, ønskte Hana å skape eit miljø for denne musikken i heimbyen Stavanger.

Resultatet vart konsertserien Gorrlaus, som vil løfte fram musikk som liknar den som finst i arkiva.

Ifølgje Hana har konsertane vorte overraskande godt besøkt av alle slags menneske, med eit aldersspenn blant publikum frå 18 til 85 år. Ambisjonane er at klubben skal vekse vidare, men han håpar på litt meir dansing blant dei frammøtte.

Alexander Aga Røynstrand og Per Anders Buen Garnås

Alexander Aga Røynstrand og Per Anders Buen Garnås framfører musikk på loftet til Tou Scene i Stavanger.

Foto: Anders Sundsteigen Hana / Gorrlaus

I juni har vi tenkt å gjere eit eksperiment med lynkurs i Suldalsspringar for publikum. Det finst allereie mange i Stavanger som kan den folkedansen. Vi skal prøve å få med publikum til å danse Suldalsspringar på Tou-loftet. Eg trur det kan fungere.

Nattklubb med folkemusikk

Liknande ting i andre delar av landet òg. Tuva Syvertsen er for mange mest kjend som frontfigur i bandet Valkyrien Allstars, og ho ønska å kombinere norsk folkemusikk med nattklubbverksemd.

Det spring ut frå eige behov. Eg tenkte at det hadde vore feitt å gå på klubb i Oslo på natta, og høyre, og danse, til folkemusikk.

Valkyrien Allstars på by:Larm 2008

Tuva Syvertsen.

Foto: Hagen, Per Ole / NRK

Resultatet blei Tuvas Blodklubb, eit nattklubbkonsept med konsertar og DJ-ar, som blir halde ein gong i månaden på Riksscenen i Oslo.

Jo meir konseptet blei spissa i retning smalare norsk folkemusikk, jo fleire dukka opp på klubbkveldane.

– Blodklubben presenterer fenomen som ein berre opplever på kappleik og bygdefest. Sånn som folk internt i miljøet elskar, men som ikkje er lett tilgjengeleg for andre.

Nokon dansar folkedans, andre kva dei vil

Syvertsen fortel at klubbkonseptet har blitt ein samlingsstad for kyrkjelyden, men at det likevel kjem mange nysgjerrige som ikkje er flaska opp på musikken.

Sidan det startar klokka 23 om kvelden, er det ei overvekt av unge menneske til stades.

Erik Sollid og Tuva Syvertsen

Erik Sollid og Tuva Syvertsen.

Foto: Anders Sundsteigen Hana / Gorrlaus

– På dansegolvet er det mange som dansar springar, som er langt inn i folkedansen, og som er gode. Og så er det folk som berre dansar kva dei vil. Det er herleg å løyse opp i det der.

Sjølv om Syvertsen forsikrar at Blodklubben er open for alle, legg ho ikkje skjul på at det er eit undergrunnsfenomen og at det skal vere litt hemmeleg.

På premissane til folkemusikken

At norsk folkemusikk har smelta saman med nye musikalske uttrykksformer, er ikkje nytt.

Hans Kjorstad voks opp med tradisjonsmusikken rundt seg. Han speler og komponerer musikk i skjeringspunktet mellom folkemusikk, jazz, improv og samtidsmusikk.

Hans og Rasmus Kjorstad

Hans Kjorstad speler hardingfele saman med broren Rasmus Kjorstad.

Foto: Johannes Selvaag

Han meiner at sjangerblandinga no skjer på premissane til folkemusikken.

Ikkje berre som krydder i ein allereie etablert tradisjon.

– Tidlegare var det ofte jazz- og visemusikarar som tok tak i folkemusikken ved å setje eit streit akkompagnement til ein folkemelodi og kople det opp mot vise- og rockeestetikk. Det som er i tida no, er å heller ta tak i dei unike elementa.

– Høyrest ut som klubbmusikk i utlandet

Kjorstad er ein del av Motvind Kulturlag som arrangerer festivalar, gir ut magasin og plater. Mellom anna på plateselskapet kalla Perspektiver på norsk folkemusikk.

Munnharper

Ei norskprodusert munnharpe frå Bø (nedst), og ein frå Kharkiv i Ukraina (øvst), fotografert i studioet til Anders Hana.

Foto: LARS ARNE LINDLAND / NRK

Blant utgivingane finn vi plata «Ståslått» av Thov G. Wetterhus, som var Spellemann-nominert for 2021.

Eit heilt album med slåttar framført solo, med berre munnharpespeling og tilhøyrande tramping. Det har fått strålande meldingar i utlandet.

– Dei kunne ikkje skjønne at dette er dansemusikk som nolevande dansar til. For folk i utlandet høyrest det ut som klubbmusikk. Og det er det jo òg, på ein måte, seier Kjorstad.

Kenneth Lien, Thov G. Wetterhus, Hans Hulbækmo, og Anders Røine på Motvind i Middelalderskogen.

Kenneth Lien, Thov G. Wetterhus, Hans Hulbækmo, og Anders Røine speler på Motvind i Middelalderskogen.

Foto: Hans Kjorstad / Motvind Kulturlag

Nasjonalbiblioteket rugar på kulturskatten

Også Kjorstad finn hovudinspirasjonen sin i unike arkivopptak som ein framleis må søkje tilgang til.

Han er sikker på at mange musikkinteresserte hadde hatt eit heilt anna forhold til norsk folkemusikk viss dei hadde fått enklare tilgang til arkiva.

Derfor har han ei oppmoding til nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre:

– Nasjonalbiblioteket bør ta tak og lage ein skikkeleg portal for arkivopptak av norsk folkemusikk. Eg kan godt hjelpe han med det, viss det trengst.

Fjellanlegg for bevaring av kulturarv i Mo i Rana

Fjellanlegg for bevaring av kulturarv i Mo i Rana. Hallen sikrar at papirarkiv, filmar, bilete, musikk, lyd, bøker og anna som nordmenn har produsert gjennom historia, kan bevarast.

Foto: Frank Nygård / NRK

Assisterande nasjonalbibliotekar Roger Jøsevold svarer NRK i ein e-post:

– Nasjonalbibliotek har laga eit overslag på å erstatte arkivsystemet for folkemusikk (Fiol) som blir brukt av norske museumsinstitusjonar i dag. Dette vil koste i overkant av 9 millionar å etablere, deretter vil det ha ein årleg kostnad på godt og vel 2 millionar. Ein digital publikumsportal kjem i tillegg til dette. Den vidare lagnaden for satsinga må avgjerast i dialog mellom Kulturdepartementet og museumsinstitusjonane.