Hopp til innhold

Ny type narkotika vinn fram

Tollarane tok mindre Heroin og Amfetamin i året som gjekk. Årsaka kan vera nye syntetiske narkotikum som ofte blir sendt med posten.

– Mange bestiller nye typar syntetisk narkotika lovleg frå internett, seier avdelingssjef for grensekontrollen i tollregionen Vest-Norge, Øyvind Hafsøe.

Eit av desse har fram til nyleg vore syntetisk hasj.

– Fram til desember i år var denne såkalla «designernarkotikaen» ikkje på narkolista. Men nå er den det, og me har allereie tatt eit brev som kom til eit postkontor i Stavanger, seier Hafsøe.

Han registrerer den same trenden som elles i landet. Det blir tatt mindre harde narkotikum som heroin og amfetamin.

Det er likevel for tidleg å seia om det er syntetisk narkotika bestilt frå internett som er årsaka til nedgangen for andre stoff.

I fjor blei det gjort over 100 beslag i landet av denne type narkotika bestilt frå internett.

– Før desember blei syntetisk hasj beslaglagt med grunnlag i legemiddelforskriftene, men nå som stoffa er på narkolista kan smuglarane forventa seg sterkare reaksjonar, seier Hafsøe.

Mange av dei syntetiske stoffa som kan kjøpast på nettet er likevel ikkje på narkotikalista. Noko toll- og avgiftsdirektør Bjørn Røse reagerer på.

– Det er viktig å få dei nye syntetiske stoffa raskt på narkotikalista. For tollvesenet og politiet er det avgjerande å ha eit regelverk som mogleggjer meir effektiv kontroll med desse narkotikatypane, seier Røse.

Sjå kva tollarane har tatt i året som gjekk:

Smuglaråret 2011

Type beslag

2010

2011

Total mengde beslag

33.607 stk.

35.519 stk.

Hasj

363 kilo

1.480 kilo

Marihuana

86 kilo

156 kilo

Khat

10.743 kilo

10.146 kilo

Kokain

74 kilo

47 kilo

Heroin

83 kilo

11 kilo

Amfetamin

123 kilo

54 kilo

Piller

725.413 stk.

326.992 stk.

Dopingmiddel

106.752 stk.

130.034 stk.

Vin

54.863 liter

71.729 liter

Øl

388.938 liter

414.844 liter

Brennevin

52.230 liter

41.973 liter

Sigarettar

7.227.188 stk.

9.061.907 stk

Kjøt

27.967 kilo

42.237 kilo

Valuta

58 mill.

56 mill.

Ekspander/minimer faktaboks