Hopp til innhold

«Kolskofferten» skal kopla pasient og sjukehus saman

Nå vil helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen at alle norske sjukehus skal få ein «kolskoffert». Den nye teknologien blir særleg viktig når det blir færre til å passa på dei sjuke.

Kåre Aleksandersen

Kåre Aleksandersen (65) frå Egersund er ein av dei første som testar ut den nye teknologien.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

«Kolskofferten» er ein brukarvenleg datamaskin med kamera, ei fingerklemme som måler oksygeninnhald i blodet og eit pusteapparat som måler lungekapasiteten.

Med dette utstyret kan legar overvaka kolspasientane mens dei er heime. Dei kan også ha videosamtalar med pasientane.

– Det er tryggjande å ha denne maskinen, seier Kåre Aleksandersen på 65 år. Han har kols, og er ein av dei første i landet som har prøvd ut ordninga sidan i vår.

Han seier at han kvar dag blir oppringt frå sjukehuspersonale som lurer på korleis det går med han.

Teknologi for framtida

Etter å ha vore på vitjing på Dalane distriktsmedisinske senter i Egersund, kor dei har testa ut ordninga, er helse- og omsorgsministeren svært positiv.

Særleg viktig meiner Støm-Erichsen at teknologien blir når det er færre sjukepleiarar til å passa på dei sjuke.

Eit av måla med «kolskofferten» er at kolspasientar skal sleppa å bli lagde inn på sjukehus fire gonger i året, og at det skal bli færre akuttinnleggingar.

Anne-Grete Strøm-Erichsen

Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen var på vitjing i Egersund for å læra om «kolskofferten» .

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Til heile landet

Helse- og omsorgsministeren kan fortelja at målet er å få «kolskofferten» ut til alle sjukehus i landet.

– Ny teknologi er alltid viktig for at me skal lukkas framover, seier Strøm-Erichsen.

Varme hender?

Mariann Svanes

Mariann Svanes seier at pasientane er svært nøgde med kofferten.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Mariann Svanes er leiar på avdeling 2 øst ved Stavanger Universitetssjukehus si avdeling i Egersund, og er ansvarleg for kontakten mellom kolspasientane og senteret.

– Skal dei varme hendene nå bli bytta ut med ein kald datamaskin?

– Absolutt ikkje, dette er eit tilbod i tillegg til dei varme hendene som pasientar får når dei er på sjukehus, eller som dei får av heimesjukepleie og fastlege. Pasientane opplever dette som minst like bra som varme hender, seier Svanes.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.