Hopp til innhold

Ny spelar klare for Bryne og Haugesund

Midtstoppar Christer Fjellstad er klar for Bryne og danske Jacob Sørensen signerer for Haugesund.

(Arkivbilde)
Foto: Per Thime

Fjellstad har spelt for Notodden dei to siste sesongane, og har tidlegare også vore innom Odd Grenland og Pors skriv Jærbladet. I løpet av romjula signerer han kontrakten med jærklubben.

Brynetrenar Tommy Bergstad seier til avisa at han er fornøgd med å ha ein ny midtstoppar på plass. I følge trenaren skal Fjellstad vera ein leiartype som er duellsterk.

Danske Jacob Sørensen signerer ein toårskontrakt med Haugesund. Haugesund rykka opp i eliteserien.