Hopp til innhold

Slik blir russen lokka til å tatovera seg

Stavanger-baren «Smuget» blar opp 10.000 kroner til den første russen som tatoverer logoen deira på overkroppen.

Ny russeknute

«CRAZY-KNUTEN»: Dette er ifølgje russepresidenten i Stavanger den mest crazy av årets russeknutar. Tatover ein barlogo på overkroppen og få 10.000 kroner. Bilete er frå ein omtale av knuten hos russ.no.

Foto: skjermdump / russ.no

– Eg håper at denne «crazy-knuten» blir ein ny tradisjon i Stavanger, seier russepresident i Stavanger Kristoffer Gjerde til NRK.

Det var han som først hadde ideen om ein tatoverings-russeknute, og etter at årets knutar blei offentleggjort denne veka har responsen vore enorm.

– Det har teke heilt av og blitt ein enorm snakkis. Det er jo nokon som meiner det er litt gale, men som alle veit så er jo dette heilt frivillig, seier Gjerde.

– Men de oppfordrar vel ungdom til å tatovera seg og hausar opp stemninga?

– Det er ikkje utan grunn at det er ein «crazy-knute», seier han.

– Me tvingar ingen

Kristoffer Gjerde

Kristoffer Gjerde er russepresident i Stavanger.

Foto: Privat

Då utestaden Smuget blei kontakta syntest dei det var ein god idé og sa seg villige til å bla opp 10.000 kroner til den første russen som tek tatoveringa.

– Russen er vaksne folk som sjølv kan bestemma om dei vil tatovera seg eller ikkje. Me tvingar ingen, seier Arild Røyneberg som er dagleg leiar i Smuget.

– Men 10.000 kroner er vel litt av ein lokkepremie?

– Me har jo tenkt gjennom dette. Premien sette me litt for å bidra litt til den som ønsker å gjera det, det kostar ganske mykje å vera russ i dag, seier han.

Nummer to får ingenting

nettsidene til Stavanger sitt russehovudstyre er det sett opp klare reglar for «crazy-knuten». Den må minst vera sju centimeter lang og to ein halv centimeter høg, og du må filma at du tek den.

Er du uheldig og tatoverer logoen som nummer to er det ingen nåde.

– Då får du ingenting. Det er berre den som er først som får premie, slår russepresident Gjerde fast.

Delte meiningar hos russen

UAKTUELT: For russane Jens Marcus Røisi (f.v.), Merethe Grude og Kyrre Drevdal frå Stavanger er det uaktuelt å ta tatovering for pengar. Dei er likevel delte i synet på om det er greitt å ha ein slik knute eller ikkje.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Ville aldri gjort det

Kyrre Drevdal er ein av årets Stavanger-russar, han er sikker i sin sak om at han ikkje skal ta den omtalte knuten.

– Ikkje i det heile teke. Dersom nokon faktisk gjer det så blir eg overraska, seier han.

Han er prinsipielt imot at ein sponsor går inn og lokkar russ til å tatovera seg.

– Eg synest ikkje det er bra. Dersom nokon gjer det kjem dei nok til å angra sinnssjukt, og det er svært dyrt å få den fjerna med laser etterpå.

Jens Marcus Røisi og Merethe Grude er ikkje samde.

– Eg synest jo det er ei kul greie viss nokon gjer det, seier Røisi.

– Eg vurderte faktisk å ta tatoveringa ei lita stund, fortel Grude og ler.