Hopp til innhold

Ny runde i Strasbourg

Saka om at den frikjente fetteren til Birgitte Tengs likevel må betala erstatning, vert igjen fremja for menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

Den europeiske menneskerettsdomstol i Strasbourg

Kjæremålsutvalet til Høgsterett har på ny avslått å behandla anken om erstatning som fetteren til Birgitte Tengs er dømd til å betale til foreldra hennar. 

- Det betyr ny fremjing av saka for menneskerettsdomstolen. Høgsterett har ikkje lest alle papira i saka, seier fetteren sin advokat, Arvid Sjødin.

Fire ringpermar er borte

 

Advokat Arvid Sjødin
Foto: Åse Karin Hansen / NRK

Etter at Kjæremålsutvalget sist avviste gjenopptaking, blei dokumentgrunnlaget som både lagmann og høgsterett har hatt, sjekka i arkivet.

- Det viste seg då at fire ringpermar med bilag var forsvunne, seier advokat Sjødin. 

-  Det igjen stiller stor tvil om dommarane faktisk  har lest dokumenta, seier Sjødin. 

- Har du gjennom di lange fartstid som advokat opplevd noko liknande nokon gong før? 

Nei, ikkje at ein får domstolane som motpart, på denne måten, seier Sjødin.

- I dette tilfelle er det utilstrekkeligheten i domstolen som er bakgrunn for at me har ein drapsanklage, slår han fast.

Mange rundar i rettsapparatet

6.mai 1995 blei Birgitte Tengs funnet drepen på Karmøy. Fetteren blei sikta for drapet og dømt i Karmsund herredsrett 27. november 1997. I Gulating lagmannsrett blei fetteren frifunne, men dømt til å betale 100 000 kroner i erstatning til foreldra til Birgitte Tengs.

Høgsterett avviste anken, men Den europeiske menneskerettsdomstol i Strasbourg behandla saka i februar i 2003. Der fekk ikkje fetteren medhald i at det ikkje går an å bli dømt til å betale erstatning samstundes med at ein blir frikjent for drapet. Men menneskerettsdomstolen kritiserte lagmannsretten for å ha begrunna erstatningskravet på ein slik måte at det kunne reisast tvil om at fetteren blei frifunnen for drapet.

Saka kom deretter opp att i Høgsterett som slo fast at lagmannsretten måtte behandla saka om erstatning på nytt. I lagmannsretten blei dommen den same. Fetteren måtte betale erstatning. I mars 2005 avviste  Høgsterett å behandla anken.

Fetteren anka nok ein gong til Høgsterett med grunngjevinga at ikkje alle dokumenta var lest i saka. Fire ringpermar med viktige dokument var forsvunne ifølge fetteren og hans advokat Arvid Sjødin. Men Høgsterett avviste altså denne anken 28. mars 2007.

Saka avslutta

Advokat for Birgitte Tengs sine foreldre, John Christian Elden, seier til NRK at dette inneber at saka no er avslutta ein gong for alle.

- Dei har avvist fetteren si begjæring om gjenopptagelses fordi den er fremsatt for sent. Alle muligheter i Norge er utprøvd og oppbrukt, seier John Christian Elden.

-Mine klientar forhold seg til dette faktum, og ser frem til at saka endelig kan avsluttast for dei.