Hopp til innhold

Ny rekonstruksjon i Birgitte-saka

Rettsmedisinarar i England undersøker nå om Birgitte Tengs kan ha blitt drepen med eit dørhandtak frå ein bil, det stadfestar politiet til Haugesunds avis.

Birgitte Tengs

Det var natt til 6. mai 1995 at Birgitte Tengs blei seksuelt misbrukt og drepen på Karmøy, berre 500 meter unna huset der ho budde.

Foto: Privat

I boka som nyleg kom ut om drapet på 17 år gamle Birgitte Tengs i 1995, kom det fram at rettsmedisinarar i England nå gjennomfører ein ny rekonstruksjon av drapet på Karmøy.

Nå stadfestar politiet desse opplysningane for første gong.

Bok om Birgitte Tengs-drapet

I den ferske boka «Hvem drepte Birgitte Tengs?», som er skriven av Bjørn Olav Jahr, kjem det fram opplysningar om den nye rekonstruksjonen.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Politiet hjelper til

I rekonstruksjonen over skadane Tengs blei påført står eit dørhandtak frå ein bil sentralt.

Det var tidlegare politisekretær i Haugesund, Grethe Strømme, som tok initiativet til at dørhandtaket skulle sendast til laboratoriet i England for å sjekke om det kan vera drapsvåpenet. Det var også ho som fann handtaket på drapsstaden på Karmøy halvanna år etter drapet.

Politiet har ikkje tru på at dørhandtaket har noko med saka å gjera. Dette stadfestar politiet i ein e-post til Haugesunds avis.

– Slik me ser det, er dette eit blindspor, og desse undersøkingane vil ikkje bidra til å oppklara saka på nokon måte, skriv politimeister Steinar Langholm i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Likevel hjelper dei til med å senda bilete frå etterforskinga til rettsmedisinarane i England.

– Me sender over bileta for å ha kontroll på at dei ikkje kjem på galne vegar, skriv Langholm.

Prosessfullmektig for fetteren

Det var natt til 6. mai 1995 at Birgitte Tengs blei seksuelt misbrukt og drepen på Karmøy, berre 500 meter unna huset der ho budde.

Birgitte sin fetter blei tiltalt for drapet, men frikjent i lagmannsretten. Seinare blei han dømt til å betala erstatning til Birgitte sin familie. Dette går an fordi beviskravet ikkje er like strengt i erstatningssaker som i straffesaker. Denne avgjersla blei seinare oppheva av Menneskerettsdomstolen (EMD) i Strasbourg.

Grethe Strømme, som har teke initiativ til rekonstruksjonen i England var politiadvokat i Haugesund politikammer etter drapet, men er nå prosessfullmektig for fetteren.