Hopp til innhold

Ny oppfinning skal hindra sykkeltjuveri

Med ein GPS-sendar i sykkelramma, trur gründaren bak den nye oppfinninga "Bikefinder", at så mange som ni av ti stolne syklar kan koma til rette.

Gründarar i Stavanger har laga ei ny oppfinning som skal forhindre sykkeltjuveri.

Ei ny oppfinning gjer det mogleg å spore sykkelen. Det kan hindra mange sykkeltjuveri, trur oppfinnaren sjølv.

– Eg trur me har laga eit produkt som er veldig interessant for dei fleste syklistar, seier gründar, Ole Martin Ølmheim.

Han står bak den nye oppfinninga "Bikefinder". "Bikefinder" er ein GPS-sendar som kan monterast inne i sykkelramma, og som tjuvane ikkje kan fjerna. Med denne sendaren kan eigaren til ei kvar tid følgje med på kvar sykkelen er.

Ole Martin Ølmheim

Ole Martin Ølmheim står bak oppfinninga. Han har stor tru på at den kan slå an blant dei fleste syklistar.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Ølmheim har trua på at så mange som 9 av 10 stolne syklar kan koma tilrette igjen, med den nye oppfinninga.

Eit stort problem

Sjølv om produktet berre er på prototypestadiet, har den Stavanger-baserte bedrifta store ambisjonar.

For sykkeltjuveri er i dag eit stort problem. Berre i Stavanger blir det årleg meld 1000 sykkeltjuveri til politiet. Tal frå Finans Norge viser at det blei ersatta syklar for 69 millionar kroner i Norge i fjor.

– Me jobbar like mykje nasjonalt som internasjonalt, og der er det ein stor marknad, seier Ølmheim.

Bikefinder

Slik ser den ut. 'Bikefinderen' blir montert på sykkelramma.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Samarbeidar med profflaga

Sven Erik Bystrøm

Sven Erik Bystrøm har trua på at 'Bikefinder' kan gjera sykkeltjuveri mindre vanleg.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

I utgangspunktet tenkjer dei at oppfinninga er noko som alle sykkeleigarar kan ta i bruk, men i utviklingsfasen har dei rette seg spesifikt inn mot dei profesjonelle sykkellaga.

Bedrifta har allereie inngått ein avtale med det russiske profflaget, Katusja, som mellom anna Sven Erik Bystrøm og Alexander Kristoff syklar for.

– Eg har faktisk blitt frastolen nokre sykler. Det er alltid kjipt, og forhåpentlegvis kan "Bikefinder" hindra det i framtida, seier proffsyklist, Sven Erik Bystrøm.

"Bikefinder" skal etter planen vera på marknaden i august.