NRK Meny
Normal

Må reagere på mobbing innan ei veke

Ei ny lov gjer at skuletilsette nå har plikt til å varsla dersom dei oppdagar mobbing. Og dersom ikkje skulen sjølv tar varslinga på alvor innan ei veke, kan elevar og føresette gå til fylkesmannen for å få hjelp.

mobbing i skolen

Mobbesaker kjem te å bli behandla raskere når den nye lova blir satt i verk, trur mobbeombod i Stavanger kommune, Nina Bøhnsdalen.

Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix

– Folk kan seie stygge ting, eller dei kan spenna eller slå. Eller så har eg opplevd at folk kan gå saman i gjengar og så går dei mot ein, seier Noah Imrie-Tvedt (12).

Han og kameraten Emil Kleiven (11) er på tur i Stavanger sentrum, og det er ikkje vanskeleg å få dei til å snakka om mobbing på skulen. Dette er eit tema dei kan mykje om.

Emil Kleven (11) og Noah Imrie-Tvedt (12) i halvfigur framføre kulturhuset i Stavanger

Emil Kleven (11) og Noah Imrie-Tvedt (12) kjenner godt til mobbing på skulen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det er jo barn som blir mobba, og det blir ikkje alltid gjort så mykje med, seier Noah.

Ny lov trer i kraft

I dag får skulane klare retningsliner for korleis dei skal motarbeida mobbing. Opplæringslova har fått eit tillegg som slår fast at alle skuletilsette har ei plikt til å seie frå dersom dei oppdagar at det er elevar som blir plaga.

Då har rektor fem arbeidsdagar, eller ei veke på seg, til å setja i gang arbeidet med å stoppa mobbinga.

– Og viss det ikkje har skjedd noko på skulen innan ei veka, så kan eleven eller føresette ringe eller skrive til fylkesmannen, og fylkesmannen er nøydd til å ta tak i saka, seier Magnhild Meltveit Kleppa, som er fylkesmann i Rogaland.

Fylkesmannen er klar

Sølvi Ona Gjul

Sølvi Ona Gjul, utdanningsdirektør i Rogaland.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Utdanningsdirektør Sølvi Ona Gjul fortel at dei lenge har førebudd seg på den nye lova.

– I tillegg til dei som alt jobbar med skulesaker hos fylkesmannen, har me tilsett to nye, som er ekspertar på mobbesaker, fortel ho.

Og fylkesmannen sine tilsette skal ikkje berre behandla rapportar frå skulane. Dei skal sjølve vera aktive, lovar Ona Gjul.

– I dette tilfellet må me meir ut. Me må snakka med eleven, med lærarar og rektor, for å finne ut kva som har skjedd. Og så må me finna ei løysing på problemet også, seier ho.

Nina Bøhnsdalen

Nina Bøhnsdalen, mobbeombod i Stavanger kommune.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Kampen mot mobbing i skulen har stått høgt på agendaen lenge. Bondevik 2-regjeringa (2001–2005) prøvde å koma mobbinga til livs, og i tida etterpå har både vanleg- og digital mobbing vore hyppig diskutert.

– Kjem te å gå fortare

Den nye antimobbelova gjeld både for vidaregåande og for grunnskulen. Mobbeombod i Stavanger i grunnskulen, Nina Bøhnsdalen, trur lova kjem til å gjera at mobbesaker behandlast raskare:

– Det kjem til å gå fortare. Det skal dokumenterast kva tiltak som blir sett i verk og om dei verkar. Det blir også tydlegare kva som skal vera saksgangen, seier ho.