Hopp til innhold

Ny midtstoppar klar for Viking

Anthony Soares (26) blei i føremiddag presentert som Viking-spelar. Amerikanaren har signert ein kontrakt på halvtanna år med stavangerklubben.

A. Soares

KLAR FOR VIKING: Anthony Soares med drakta som viser at han er Viking-spelar. 26-åringen får drakt nummer fem i Viking.

Foto: Rikke Lunde Andersen

Viking hadde eigentleg lagt ned jakta på ein ny midtstoppar.

Men då islandske Sverrir Ingason gjekk frå klubben tidlegare i vinter, blei dei mørkeblå på ny tvungne til å speida etter ein ny mann i midtforsvaret.

– Soares er ein spelande og rutinert midtstoppar. Me har mange unge folk i troppen, så eg var ikkje heiltent på fleire unge spelarar nå. Dette kjennest veldig bra, seier Viking-trenar Kjell Jonevret.

Anthony Soares (26) blei i føremiddag presentert som Viking-spelar. Amerikanaren har signert ein kontrakt på halvtanna år med stavangerklubben.

VIDEO: Sjå intervju med Soares.

Sjette signering

Soares blir Viking sin sjette signering for sesongen, og 26-åringen er den første som blir henta til klubben nokon gong frå Major League Soccer (den øvste fotballserien i USA, jour. merk.).

26-åringen trente med Viking på La Manga, kor han imponerte.

Soares er frå USA, men har også italiensk pass. Han er fødd i California og har spelt over 100 kampar for New England Revolution dei siste fire sesongen.

– Eg veit Viking er blant dei store og populære klubbane i Norge. Klubben har godt med ressursar og flott stadion. Det er gode sjansar for å lukkast her, seier den ferske Viking-spelaren.

Får drakt nummer fem

Amerikanaren er samtidig klar på at Viking er ein klubb som må tilbake på tabelltoppen og skapa meir resultat.

– Det utfordringa kan eg hjelpa laget med, og det ser eg fram til.

26-åringen har eit godt førsteinntrykk av både spelarar og trenarapparatet, og har alt skaffa seg leilegheit i oljehovudstaden.

Soares omtalar seg sjølv som ein leiartype på fotballbana.

– På det individuelle plan er eg ein god og disiplinert forsvarar som likar å spela fotball når eg får ballen. Det trur eg er ein god kombinasjon.

Leiinga i Viking omtalar Soares som ein spelande midtstoppar med ein god høgrefot. Han lagar også ein del mål med hovudet.

Viking har tidlegare sagt at dei ikkje har ressursar til å henta fleire spelarar enn ein midtstoppar. 26-åringen blir dermed den siste signeringa før den kommande sesongen.

Soares får drakt nummer fem i Viking.