Mannen er ein kamerat av 23 åringen som er sikta for å ha tent på kyrkja for to veker sidan.
Det var opplysningar frå publikum som gjorde at politiet sikta mannen, seier Bjarne Skådell, lensmannsfullmektig ved Karmøy lensmannskontor.
Reperasjonane av Kopervik kyrkje etter brannen for vel to veker sidan, kjem til å ta lang tid.
I tillegg til ny altertavle, må det lagast ny vegg bak altertavla. Kyrkjeverje Marta Lunde Medhaug i Karmøy håper at kyrkja kan takast i bruk til konfirmasjonane i mai neste år.
I mellomtida går dei fleste kyrkjelege tilstelningar føre seg i Kopervik ungdoms- og alderssenter like ved.