NY LANDSLAGSSPELAR TIL AVALDSNES:

26 år gamle Ingrid Ryland har signert ein 1-års kontrakt med Karmøy-klubben, det skriv Haugesunds Avis. Ryland gjekk frå Arna Bjørnar til Liverpool i fjor, men fekk ikkje fornya kontrakten i haust. Ho blir kalla ein anvendeleg spelar, men er mest brukt som høgre back.