Drakampen mellom dei biologiske foreldra frå Tyrkia og den norske fosterfamilien kan nå vera ført til endes.
På eit møte mellom Stavanger kommune og det tyrkisk/muslimske miljøet i går, blei det enighet om at gutane skal flyttast til ein ny fosterheim.
Det seier advokaten til dei biologiske foreldra, Arnhild Skretting.
Bakgrunnen for det som nå har skjedd er ein sakkyndig vurdering som konkluderer med at: barna skal til ein ny fosterheim.
- Så nå ser det ut som saken endeleg er løyst, seier Skretting.
Møte utan advokatar
Torsdag blei det gjennomført eit møte mellom Stavanger kommune og det tyrkisk/muslimske miljøet. Der kom partane til enighet om eit opplegg som både skal sikre ungane kontakt med det tyrkisk/muslimske miljøet og samstundes sikra dei trygge oppvekstvilkår.
Advokat Arnhild Skretting, som representerer dei biologiske foreldra
Foto: Rolf Marnburg / NRK- Det var eit møte heilt utan advokatar til stades, seier advokat Skretting.
Til tante og onkel etterkvart
Resultatet er at brørne ikkje skal sendast tilbake til Tyrkia, sjølv om både foreldra og ein tyrkisk domstol har kravd det.
I ein mellomfase blir dei sendt til ein ny fosterheim i Norge. Der skal ungane få ein gradvis tilnærming til dei biologiske foreldra.
Deretter skal brørne flytte til tante og onkel i Norge.
.