Ny distriktsredaktør i NRK Rogaland
Cecilie Berntsen Jåsund (41) er i dag tilsett som distriktsredaktør i NRK Rogaland. Ho begynte i NRK i 2013 og har vore redaksjonssjef i NRK Rogaland sidan 2019.
– Det er et privilegium å få leie ein så flott redaksjon. Eg gler meg og er takknemleg for tilliten, seier Berntsen Jåsund.
– Cecilie er ein ambisiøs og inkluderande leiar som saman med medarbeidarane har fått til mykje spennande på fire år som redaksjonssjef, seier regionredaktør Rune Møklebust.
Den siste tida har ho jobba med ein master i endringsleiing ved Universitetet i Stavanger.
– Ho har verkeleg dei rette eigenskapane som skal til for at NRK Rogaland skal bli endå betre, og endå viktigare for publikum, seier Møklebust.
Ho tar over etter Ragnar Christensen 1. mai.
Vi er mange som gler oss, gratulerer!!