Hopp til innhold

Ny direktør i Helse Fonna

Anders Hovland er tilsett som administrerande direktør i Helse Fonna HF etter Olav Klausen. Hovland blei tilsett i eit ekstraordinært styremøte i dag.

– Hovland si erfaring både som leiar, klinikar og forskar gjev eit solid utgangspunkt. Helse Fonna står framfor store utfordringar, seier styreleiar Petter Steen jr. ifølgje ei pressemelding.

Hovland har vore direktør for Solli Sjukehus i Bergen. Han er 46 år og kjem frå Sandnes og Stavanger. Dei siste 20 åra har han budd i Bergen.

Olav Klausen overrakte stafettpinnen vidare til Anders Hovland.
Foto: Eirik Dankel / Eirik Dankel