Det blei kjent på ein pressekonferanse i Rosenkildehuset i Stavanger fredag.
Den nye direkteruta mellom Stavanger og hovudstaden i Frankrike skal etter planen starta opp i mars 2014.
Tårer i auga
Då blir det to daglege avgangar med avreise frå Sola klokka 07.00 og 12.35.
– Dette er ein nyheit som gir ein flyplassjef tårer i auga, seier sjefen på Stavanger lufthamn Sola, Leif Anker Lorentzen til NRK.no.
Han seier dette gir Sola tilgang til ein viktig base med tanke på andre destinasjonar rundt om i verda.
– Det gir oss også tilgang til ein fantastisk by, seier han, og håpar samstundes på fleire turistar frå Europa til Stavanger-regionen.
– Bra for oljenæringa
Paris-ruta har vore etterspurd av næringslivet, og den nye direkteruta er også bra for den oljerelaterte næring i Afrika.
– Med rute til Paris får me ein ny tilgang til marknaden i Vest- og Aust-Afrika, seier Jan Soppeland, administrerande direktør i Greater Stavanger.
Den nye ruta blir både eit lågpris- og eit businesstilbod.
80-årsjubileum
Sidan mai 2004 har Air France og KLM vore den største flyalliansen i Europa. Selskapa er organiserte som ei gruppe, med to flyselskap.
Den nye ruta gjer at Air France/KLM kjem til å ha sju daglege avgangar frå Sola.
Air France har 80-årsjubileum i år.