Hopp til innhold

NSB utvidar kapasiteten

Oskeskya gjer at NSB sett opp ekstra kapasitet på Sørlandsbanen. – Dette gjer me uavhengig av korleis situasjonen på Sola og Kjevik utviklar seg, seier Dag Brekkan som er strekningsansvarleg på Sørlandsbanen.

NSB Signatur tog

Totalt utvidar NSB kapasiteten sin med 800 seter tysdag.

Foto: Asbjørn Odd Berge / NRK

Dag Brekkan

Dag Brekkan er strekningsansvarleg på Sørlandsbanen.

Foto: Privat

Oskeskya gjer at mange heller vel å reisa med toget, noko NSB allereie merka i dag tidleg.

Sjølv om situasjonen i luftrommet stadig endrar seg vel NSB nå å auka kapasiteten sin på Sørlandsbanen:

– Me håper at dette vil avhjelpa situasjonen i flytrafikken på kort sikt, sier Brekkan.

På desse avgangane utvidar NSB kapasiteten sin:

  • I dag: 200 ekstra plassar frå Oslo med kl. 1507 toget til Kr.sand/Stavanger
  • I dag: 200 ekstra plassar frå Oslo kl. 17.09 med forlengelse til Stavanger
  • I dag: 200 ekstra plassar i nattoget frå Stavanger/Kristiansand til Oslo
  • I dag: 200 ekstra plassar i nattoget frå Oslo til Kr.sand/Stavanger
  • I morgon: 200 ekstra plassar frå Stavanger (kl.603)/Kr.sand kl. 9.10 til Oslo