Hopp til innhold

Margot (71) får ikkje alltid hjelp på do: – Dei spring beina av seg

Sjukeheimsbebuar Margot Strand er imponert over pleiarane, men ho lurer på kvifor det ikkje er fleire av dei på sjukeheimane i Noreg.

Margot Strand sit i kvilestolen sin på Byhagen sjukeheim

Margot Strand bur på Byhaugen sjukeheim i Sandnes. Der er det for få folk til å hjelpa alle, fortel ho til NRK.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

NRK har spurt publikum om kva de lurer på om val og politikk. Me har fått inn fleire hundre spørsmål. Her svarer me på eitt av dei:

Kvifor er det ikkje fleire personar på jobb på sjukeheimane?

Margot Strand

Margot Strand har budd på sjukeheimen Byhagen i Sandnes i eitt års tid. Ho er berre 71 år gammal. I siste halvdel av 60-åra fekk ho beskjed om at ho hadde Parkinsons sjukdom.

– Eg vil seie frå nå, medan eg ennå har stemma i behald, seier ho.

Margot Strand i rullestol inne i leiligheten sin i Byhagen sjukeheim

Margot Strand sit ofte i denne stolen i fleire timar før nokon kan hjelpe ho med å gå på toalettet.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Strand slit med skjelvingar i føter og hender, og ho er avhengig av hjelp til personleg stell og for å kunne flytte seg nokolunde raskt rundt i leilegheita sin.

Kjem ingen for å hjelpe

Ho er begeistra for pleiarane og jobben dei gjer.

– Dei spring beina av seg. Dei er dei blå englane, seier ho.

Tydeleg prega. For dei er for få, meiner ho.

Det fører til at ho fleire gonger har opplevd å måtte gjera frå seg i buksa, fordi det ikkje kjem nokon for å hjelpe ho på toalettet.

– Det er uhaldbart, og eg veit at dette gjeld heile landet, ikkje berre Sandnes.

Margot Strand

Margot Strand har Parkinsons. Ho seier ho vil bruke stemma si medan den er i behald.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Ho meiner sjukeheimane bør tilsetja fleire ufaglærte for å ha nok på jobb.

– Dei treng ikkje å vera sjukepleiarutdanna for å kunne følgje meg i dusjen eller på toalettet. Ikkje for å gi ei hjelpande hand med å lage kaffi eller å slå av ein prat heller, understrekar Margot Strand.

Margot Strand i ramme

Viktige år framfor oss

Heidi Gautun er forskar ved Velferdsforskningsinstituttet Nova ved Oslo Met. Ho har forska på bemanninga på sjukeheim og heimesjukepleia.

– Me ser at det er ein stor og aukande mangel på sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og helsefagarbeidarar i sjukeheim og i heimesjukepleietenestene. Berre to av ti nyutdanna sjukepleiarar vil jobbe på sjukeheim og i heimesjukepleietenestene.

Heidi Gautun

Forskar Heidi Gautun.

Foto: NOVA

Mange ønskjer i tillegg å slutte i jobben, fortel ho. Dei som sluttar, peiker på arbeidsbelastninga som den viktigaste grunnen.

Samstundes er det få år igjen til vi får ein ganske sterk vekst i talet på eldre over 80 år.

– Eg trur det er uklokt å ikkje spytta inn ressursar i denne sektoren nå. Fleire må på jobb i desse tenestene. Viss ikkje risikerer vi å miste dei vi har.

Ho er samd med Margot Strand i at fleire som ikkje er utdanna sjukepleiarar også bør inn i sektoren.

– Det er absolutt positivt og viktig at me får inn fleire hender, men det er viktig at dei kjem på toppen av dei faglærte, og ikkje erstattar dei.

For kommunane handlar det om kva pengar dei får frå staten, men det betyr ikkje alt, ifølgje forskaren.

– Dette handlar også om val ein tek i ein kommune når ein prioriterer til dei ulike sektorane, seier ho.

Ho peiker på at det kan sjå ut som at ikkje alle kommunar har ei god nok oversikt over behov og bemanning. Kommunane tar ikkje høgde for det høge sjukefråværet i desse tenestene når dei gjev pengar til sektoren.

Les også På ett år gikk Sonja Berg fra å planlegge ektemannens begravelse til å feire gullbryllup

Ekteparet Sonja og Jan Berg ser på gamle bilder sammen.

Dette svarer politikarane

Margot Strand inviterte ordførarkandidatane Pål Morten Borgli (Frp) og Arne Buchholdt Espedal (Ap) til sjukeheimen. TV-innslaget om møtet kan du sjå her.

NRK har stilt både dei og fleire andre lokalpolitikarar Margot Strand sitt spørsmål. Du kan lese svaret deira ved å sveipe under:

Elise Pedersen

Pål Morten Borgli, ordførarkandidat for Frp i Sandnes

Me er det rikaste landet i verda. Det gjer meg vondt at uverdig eldreomsorg og låg bemanning er et tema i valkampen i 2023, dette er noko me burde vera ferdige med.

Det som går på tinga som dusj, toalett, skikkeleg mat når du skal og vil ha mat... At det er uverdig eldreomsorg i Noreg, skal me ikkje akseptera.

Det er nok folk og nok pengar, og me burde prioritera vekk noko.

Me har bemanna opp ganske bra, det skal bli fleire sjukepleiarar, hjelpepleiarar og reinhaldsarbeidarar. Men det blir aldri heilt nok.

Elise Pedersen

Arne Buchholdt Espedal, ordførarkandidat for Ap i Sandnes

Me er klare over utfordringane og har eitt nytt prosjekt på Byhaugen, kor sjukepleiarane jobbar i team. Slik er det litt meir rom for at dei kan vera der det trengst.

Me har og sett i gang eit prosjekt med å auka grunnbemanninga og få fleire folk.

Me gjer så godt me kan, og me skulle ønska at det kunne vore fleire folk på jobb. Men det er vanskeleg å få tak i nok helsefagarbeidarar.

Det er kjempeviktig at me får disse innspela på korleis det er, slik at me kan gjera det betre.

Tom Edvindsen

Janne Stangeland Rege, ordførarkandidat for Høgre i Sola

Me treng fleire hender i eldreomsorga, i tillegg til at det er behov for å tenkja nytt om korleis me møter den demografiske utviklinga.

For å rekruttera og behalda tilsette treng me eit godt arbeidsmiljø, klar fagleg leiing, lågt sjukefråvær, konkurransedyktig lønn, eit miljø for kompetanseutvikling og godt samarbeid med pårørande.

Me bør leggja til rette alternative turnusordningar som kan bidra til meir heltid, lågare sjukefråvær, kontinuitet i pleia og ein meir føreseieleg kvardag for både pasientar og tilsette.

Ole Andreas Bø

Jonas Andersen Sayed, ordførar i Sokndal, KrF

Me må byggja ut fleire heildøgns omsorgsplassar og utdanna, rekruttera og behalda fleire tilsette. Men me må likevel vera ærlege på at det må bli færre tilsette per pasient i framtida.

Det handlar ikkje om at me ikkje har nok pengar i landet. Utfordringa er mangel på folk. Viss me held fram med å gjera ting som i dag, vil alle nye arbeidsplassar i Noreg på få år måtte vera i helse og omsorg.

Me bør derfor satsa på folkehelse, livsglede og førebygging. Det handlar om aktivitet og trening og førebygging av einsemd og underernæring.

Ihne Pedersen

Bjørn Ove Hersdal, gruppeleiar for Raudt i Rogaland fylkeskommune

Det viktigste for oss er å auke grunnbemanninga med heile, faste stillingar. Når grunnbemanninga er for lav, slit folk seg ut.

Så kan me sjå til Stavanger der dei har innført heimassistentar som tek seg av ein del av det sosiale som ein ikkje treng helseutdanning til.

Det er mangel på sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, og då treng ikkje dei å fylla dagen med oppgåver ein ikkje treng helseutdanning til.

Dan Uneken

Daria Maria Szymaniuk, ordførarkandidat for MDG i Stavanger

Me treng fleire sjukeheimar og fleire tilsette. Kommunane har problem med å få budsjetta til å gå i hop når dei også må prioritera andre oppgåver.

Stavanger har satsa på å auka grunnbemanninga, spesielt på husassistentar på sjukeheimar.

Dei er ikkje helseutdanna og tar seg av oppgåver som du ikkje treng spesialutdanning til. Stavanger har 60 slike tilsette og treng fleire. Det fører også til at dei faglærte får betre tid til å gjera det dei er utdanna til.

Unn Birkeland
Kaj Hjertenes

Unn Birkeland, varaordførar i Gjesdal, Sp

Det vil bli utfordring med tilgjengelege ressursar, og me går tom for folk fortare enn me går tom for pengar. Løysinga kan ligga i kombinasjonen av fleire faktorar.

Folk med høgast fagutdanning må få avgrensa oppgåver dei kan utføra åleine. Folk med lågare fagutdanning må få tilbod om tilleggsutdanning som kan avlasta oppgåver i stell- eller matsituasjonar, til dømes medisinkurs.

Fleire lærlingar og rekruttering frå alle lag, til dømes «Menn i helse». Folk utan helseutdanning og jobb må få korte læreløp som spesifikt rettar seg mot eldreomsorg og dei største behova; hjelp til meiningsfull kvardag, aktivitet, samtale, omsorg og mat/drikke.

Privat

Arnt Olav Sivertsen, ordførarkandidat for Industri- og Næringspartiet Eigersund

Me må tilby ufaglærte omsorgsstilling ved sjukeheimer. For mange eldre er einsemd og nokon å snakka med vel så viktig som å få den pleia dei treng.

Me må og tilby større stillingar til dei som ønskjer det og gi dei den lønna dei fortener.

Det er viktig for politikarar å halda fokus på dei viktige sakene og ikkje sløse bort millionar på presisjeprosjekt som elveparker-torg og strandpromenade. Alle desse prosjekta burde komme etter at barnehage, skule og eldreomsorg skin.

Margot stiller politikarane frå Frp og Ap til veggs

Margot Strand fekk sjansen til å stille lokalpolitikarane spørsmål om bemanninga ved sjukeheimane.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Flere nyheter fra Rogaland