NRK Meny

Norwegian-fly punkterte

Det eine hjulet på eit Norwegian-fly, som skulle frå Stavanger lufthamn Sola til Las Palmas, punkterte under avgang. No har flyet kretsa over Jæren i to timar, skriv Aftenbladet. Planen er å landa på Sola, men først må det brennast av ein god del drivstoff for å redusera landingsvekta. Det vil vera ekstra beredskap på flyplassen under landinga.