Hopp til innhold

– Utriveleg å få slangar inn i hagen

Det norske ekteparet Janicke Gunvaldsen og Asbjørn L. Johansen, som bur i Houston, har dei siste dagane hatt slangar i hagen, kreps i innkøyrsla og alligator i nabolaget.

Slangar i hagen

HAGEBESØK: – Me trefte heldigvis berre ufarlege slangar, men det var likevel noko utriveleg å få slangar inn i hagen, fortel Janicke Gunvaldsen, som fekk knipsa bilete av to av slangane som kom inn i hagen saman med Harvey-uvêret.

Foto: Janicke Gunvaldsen

Janicke Gunvaldsen og Asbjørn L. Johansen

JOBBAR I OLJA: Janicke Gunvaldsen frå Egersund og Asbjørn L. Johansen frå Trondheim bur i bydelen Katy i Houston.

Foto: Privat

– Dei kjem inn i hagen her når vasstanden stig. Eg prøver å få dei vekk, men det er litt skummelt sidan du ikkje veit om dei er giftige før du kjem heilt tett på, seier Janicke Gunvaldsen frå Egersund om slangane som den siste tida har kome på besøk i hagen hennar.

Ho bur saman med mannen Asbjørn L. Johansen, som jobbar i oljeselskapet Schlumberger, i bydelen Katy i Houston, Texas. Sjølv om vatnet har bøtta ned rundt dei dei siste dagane så har dei ikkje fått øydeleggingar på huset, men dyrelivet rundt dørene har blitt langt meir spanande.

– Me fekk høyra at det var ein alligator rett utanfor her, men då eg sprang for å sjå den var den vekke. Eg har likevel både fått bilete av kreps i innkøyrsla og slangar i hagen, seier Gunvaldsen.

Laster innhold, vennligst vent..

Stiller huset sitt til disposisjon

Gatebilete frå Katy

Slik såg det ut i gata til Janicke og Asbjørn i helga. Nå har vatnet trekt seg vekk, men berre nokre kvartal unna står hus framleis i vatn.

Foto: Janicke Gunvaldsen

Kreps i innkøyrsla

KREPS: Denne vesle krabaten høyrer vanlegvis ikkje heime her.

Foto: Janicke Gunvaldsen
Etter ekstremvêret Harvey slo til på fredag har dei heldt seg heime på grunn av stengde vegar og at Schlumberger stengde ned kontoret der mannen jobba.

Sjølv har dei vore heldige, men øydeleggingane er store og mange menneskeliv har gått tapt.

– Ein blir litt tom når ein ser kor hardt råka fleire er. Det er heilt umogleg å setja seg inn i den redsla fleire har opplevd. Historiene som kjem om omkomne er vanskelege å ta innover seg. Materielle skadar kan ein fiksa, tap av liv er berre fælt, seier Gunvaldsen.

Sjølv prøver dei å gjera det dei kan for å hjelpa folk som er i ein verre situasjon enn dei sjølve.

– Me er fleire naboar som har gått saman om å samla inn klede, handklede og liknande og levert til evakuert. Elles har me stilt huset vårt til disposisjon for dei som treng ein stad å bu framover. Førebels er det ingen som har meldt frå, men me håper å kunne bidra om nokon treng tak over hovudet i mellomfasen frå shelter til heim.

Aldri opplevd verre

Ekteparet har budd i Houston sidan februar i år, og før det budde dei der i tre år frå 2013 til 2016. Dette er det heftigaste uvêret dei har opplevd.

– Me har opplevd heftig regn og tornado før, men aldri som dette, det er første gong me har kjent bekymring og lagt planar for å sikra hus og eventuell evakuering.