Hopp til innhold

– Det er sunn fornuft som nå har teke over

Donald Trump blir den neste presidenten i USA. Ein som er svært glad for det er norsk-amerikanske Arvid Mosnes frå Colorado.

Arvid Mosnes

NORSKAMERIKANAR: Arvid Mosnes frå Colorado, USA, har sjølv sett opp ein billboard som han kallar «Donald the Dragonslayer». – Når Trump vinn skal eg ned å kutta hovudet av draken. Det blir mi feiring, seier Mosnes.

Foto: Privat

Arvid Mosnes er opphavleg frå Fister i Hjelmeland i Rogaland, men bur nå i USA i delstaten Colorado, og er Trump-tilhengar på sin hals.

NRK snakka Mosnes tidleg onsdag morgon då alt tyda på at Donald Trump skulle bli den neste presidenten i USA. Noko norskamerikanaren er svært glad for.

– Dette er betre enn det eg torde håpa på. Det er heilt fantastisk!

For meg er Trump ein revolusjonær som går imot makteliten på alle nivå.

Arvid Mosnes

Kappa hovudet av draken

Då det blei klart at Donald Trump hadde vunne valet reiste Mosnes han ut for å feira.

– Eg vil ned til sentrum for å kjenne litt på stemninga, fortel han.

I tillegg så blei sigeren feira med ei noko meir spesiell handling.

Han kutta hovudet av ein drage på ein plakat, som han sjølv har sett opp. Draken representerer mellom anna muslimar, marxistar, FN og Iran.

Drakedreparen er sjølvsagt Donald Trump.

Hogde hovudet av draken

Slik ser plakaten til Mosnes ut etter han feira Trump-sigeren med å hogga av hovudet på draken.

Foto: PRIVAT

Vile flytta om Clinton vann

Arvid Mosnes likar Trump, fordi han ikkje er ein tradisjonell politikar.

– Det er sunn fornuft som har teke over nå. At det har skjedd er ei velsigning. Vanlege folk har mykje å takka Trump for nå, seier han.

Tidlegare har Mosnes sagt at han ville flytta til Island dersom Hillary Clinton vann valet. Nå ser det ut som om han kan halda fram med å bu i USA. Han kallar dette eit opprør frå folket etter fleire dårlege val.

– Folk er leie av at politikarar og multinasjonale selskap skal styra liva våre. For meg er Trump ein revolusjonær som går imot makteliten på alle nivå.

Demokratene begynte å forlate Hillary Clintons valgvake da de innså at slaget var tapt.

Demokratene byrja å forlata Clinton si valvake då dei innsåg at slaget var tapt.

Språk, grenser og kultur

Mosnes meiner at Donald Trump vil gjera USA til ein tryggare stad å vera, og trekk opp tre hovudpunkt når han skal snakka om forventningane han har til Trump.

– Språk, grenser og kultur. Me må sikra landet, grensene og me må ta vare på alle menneske her i USA som slit under forferdeleg byråkrati. Rett og slett tyranni. Det er også mykje ulovlege innvandring som må stoppast.

– Kva vil du sei til dei som vaknar i Norge i dag og er forferda over det som har skjedd?

– Folk må sjølv lesa seg opp, og aldri ta det som kjem frå media for god fisk. Det er som regel løgn og bedrag på alle nivå.