Hopp til innhold

– Bakken under oss rista noko heilt enormt

Stavangerparet Thomas Berntsen og Helene Gjesteland opplevde jordskjelvet i Japan på nært hald.

Norsk par i Japan

Då Thomas Berntsen og Helene Gjesteland kom opp av undergrunnen i Tokyo, skalv jorda under dei.

Foto: Privat

– Me såg at bygningar og lyktestolpar rista, trafikken stoppa opp og folk gjekk ut av bilane sine, seier Thomas Berntsen.

Panisk stemning

For tida bur han saman med kjærasten sin i sentrum av Tokyo. Dei hadde vore på ein ferietur i Nagano, og det var då dei i dag tidleg (norsk tid) kom tilbake til Tokyo at dei opplevde dei ubehagelege skjelva.

– Det første skjelvet me opplevde varte i tre til fire minutt, og stemninga blei ganske panisk, fortel Berntsen.

Dei gjekk frå stoppet deira på undergrunnsbanen direkte til leilegheita etter skjelvet.

– Me skjønte fort at skjelvet hadde vore kraftige for i leiligheita vår låg det meste på golvet og noko var knust, seier han.

I Japan etter jordskjelv

Paret frå Stavanger er nå tilbake i leilegheita si i Tokyo sentrum. Dei kjem til å følgja med på fjernsynet utover kvelden kan dei fortelja.

Foto: Privat

Søkte dekning

Skremde av tilhøva gjekk dei ut på ein stor open plass slik at nye skjelv ikkje kunne råka dei.

– Me ville ikkje vera inne i eit bygget dersom det kunne rasa, seier Berntsen.

Etter forholda seier han at folka var rolege med tanke på skjelva, men at det nå byrjar å gå opp for folk kor alvorleg dette faktisk er når ein ser på øydelegginga til tsunamien.

– På fjernsynet har det vore meldingar om at dei fryktar fleire tusen omkomne, det er fleire helikopter i lufta og eit oljeraffineri skal vera i brann like utanfor byen, seier han.

Han seier at dei nå føler seg trygge, og er tilbake i bustaden sin etter omlag 20 etterskjelv som har vore. Men sjølv om det går mot kveld i Japan kjem dei til å halda seg vakne utover natta for å ha kontakt med urolege familiemedlemmar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.