Hopp til innhold

Norsk firma jobbar med Tesla-utfordrar

Den myteomspunne elbilen frå selskapet Faraday Future, som skal gi Tesla konkurranse, er delvis designa av det norske selskapet Montaag. Dei første bilane skal koma på vegen i 2017.

Line Ask og Øyvind Tendenes

Line Ask og Øyvind Tendenes jobbar til dagleg på Montaag sitt kontor i Stavanger. I tre månader har dei vore i California og jobba på eitt nytt og hemmeleg bilprosjekt.

Foto: Erik Waage

– Det blir litt som om me får prøva oss i Premiere League, og så scorar me mål, seier Øyvind Tendenes frå Stavanger, som er seniordesignar i Montaag.

I tre månader har han og fire andre representantar frå selskapet, som har kontor i Stavanger, Oslo og Berkeley, vore i California og jobba saman med designarar i verdseliten på ein ny og myteomspunnen elbil.

Det har gått rykte om at det er Apple som står bak selskapet Faraday Future, for å laga ein utfordrar til Tesla og Google sitt autopilot-samarbeid. Men ifølgje Fortune er det firmaet LeTV, som er Kina sitt svar på Netflix, som eig selskapet.

Dei skal etter rykta bli ein utfordrar til Tesla på luksuriøse elbilar med lang rekkevidde.

Norske skjermar

Per Ivar Selvaag

Per Ivar Selvaag frå den vesle bygda Fogn i Ryfylke har vore sjefsdesignar for Peugeot og han har jobba for BMW. Han er administrerande direktør i Montaag.

Investorane bak Faraday Future skal vera villige til å bruka svært mykje pengar på å få den nye bilen på vegane, og dei sette saman fleire toppfolk når den nye bilen skulle utformast i California i sommar.

Det var altså her norske Montaag kom inn i bilete. Dei blei valde til å designa delar av bilen. Nærare bestemt skjermen der bilføraren styrer alle funksjonane.

– Me har designa eit system for kontroll og oppleving, fortel administrerande direktør i Montaag, Per Ivar Selvaag som er frå Fogn, men held til i Berkeley.

Han er ingen lettvektar innan bildesign. Tidlegare har han vore sjefsdesignar for Peugeot og han har jobba for BMW. Han meiner likevel det er noko heilt spesielt å jobba for teknologiselskap som satsar på bilproduksjon.

– Medan dei vanlege bilprodusentane bruker fleire år på å planlegga nye modellar, seier desse at innan to år skal dei ha ein heilt ny bil på vegane. Dette er eit ambisjonsnivå frå ei heilt anna verd, seier Selvaag.

Faraday Future

Dette bilete, som firmaet har på nettsidene sine, er med på å bygga opp mystikken rundt den nye bilen.

Foto: Faraday Future

Vil endra verda

Selvaag seier vidare at dei har ein ny måte å sjå på bilen. At den i større grad er ein integrert del av den teknologiske kvardagen me lever i.

På nettsidene sine er Faraday Future knappe med informasjon om prosjektet sitt, men skriv at det einaste som ikkje er nytt med bilen, er at den har fire hjul.

– Det var eit svært inspirerande miljø å jobba i. Ei skikkeleg «We're Gonna Change The World»-haldning, seier Øyvind Tendenes.

Nå er ifølgje Bloomberg Buisness selskapet på jakt etter ein fabrikk i USA der dei kan produsera bilane.