Hopp til innhold

– Foreldre må ta ansvar for at fleire normale barn vil slanka seg

Nesten halvparten av alle normalvektige 15-åringar ønskjer å slanka seg. – Det må foreldra ta ansvar for, meiner helsesøster Rita Kvalbein i Eigersund.

Badevekt

Tal frå Bufetat viser at normalvektige unge ønskjer å slanka seg.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

– Dette er veldig triste tal og det seier veldig mykje om korleis dei unge har det. Dei meiner at dei ikkje er gode nok slik som dei er.

Vond sirkel

Helsesøster Rita Kvalbein i Eigersund snakkar om tala frå Bufetat som viser at nesten alle normalvektige 15-åringar ønskjer å slanka seg.

Ho meiner at fleire foreldre nå har usunne haldningar til slanking, og at foreldre som sjølv slankar seg må vera klar over at dette kan smitta over på unge sitt syn på eigen kropp.

– Om til dømes ei mor seier at ho vil ned sju kilo for å oppnå idealvekta medan ungane sit og høyrer på, kan dette opplevast rart for ungane som kanskje meiner at mor ser fantastisk ut.

Kvalbein meiner at utviklinga går i gal retning, noko ho meiner kan skuldast at småbarnsforeldre i dag også har vakse opp med helsefarlige haldningar.

– Aktiviser barna

Høgskulelektor ved avdelinga for idrett på Universitetet i Stavanger, Geirulf Tronerud er einig. Han seier at haldningane til kost og mosjon spesielt har endra seg.

– Folk et verken meir eller mindre enn det dei gjorde tidlegare, men fleire blir overvektige, seier han.

Han meiner at riktig kosthald og mosjon ute i naturen er det foreldre bør fokusera på, framfor kor mange kilo dei skal gå ned.