Hopp til innhold

Norge kan få flåttvarsel

Er du redd for flått, kan du kanskje snart senka skuldrene. Norge kan nemleg få eigne varsel om det frykta krypdyret.

Flått

Her er den frykta flåtten. Snart kan du få varsel om kor den held seg her til lands.

Foto: Per Simon Mustvedt / NRK

Det var på eit internasjonalt flåttmøte på Sola Strand hotell onsdag moglegheitene for eit flåttvarsel var eitt av mange tema.

70 internasjonale ekspertar var samla for å bli litt klokare på flåtten. Tyskland har alt i dag eit flåttkart som viser kor det er høg risiko for flåttbit.

– Dei har sett ut flått i terrenget som dei sjekkar, for så å kunne seia om flåtten er aktiv eller ikkje. Så går dei ut med varsel i media, slik at folk kan ta førehandsreglar, seier flåttforskar Snorre Stuen.

LES OGSÅ: Slik kan flåtten utryddes i Norge

LES OGSÅ:

I gang på Sørlandet

SnorreStuen

Snorre Stuen.

Foto: Håvard Tanche-Larsen Knutsen

Eit slikt varsel, eit slags yr.no for flått, kan ein også få her til lands. I Kristiansand har dei nemleg fått eit nytt kompetansesenter for flått og borrelia.

På Sørlandet skal dei i gang med eit prosjekt for å kartlegga flåtten. Liknande opplegg kan komma til Rogaland, ifølge Stuen.

– Me håper på sikt å få dette til Rogaland også, seier han.

LES OGSÅ: Denne roboten er en flått-dreper

Flottvarsel for 14 dagar

Dag Tveitnes er barnelege ved Stavanger universitetssjukehus. Han har eit meir humørfylt syn på flåttvarselet.

– Alternativet er å laga ein del stasjonar rundt om, og så senda ut katten. Så tel du over katten når den kjem tilbake, og formidlar det vidare, humrar han.

– Kan ein for eksempel varsla om flått dei neste 14 dagane med eit varsel?

– Ja, i enkelte område kor ein har sett ut flått og undersøker den, kan det vera mogleg, fortel flåttforskar Snuen.