NRK Meny
Normal

Noregs største vindpark skal gjennom denne gågata

Vingeblada til 83 vindmøller skal det neste halve året transporterast gjennom gågata i Egersund. Naboar NRK snakka med hadde ikkje ein gong blitt informerte om transporten som startar måndag.

Sandakergaten i Egersund

SANDAKERGATEN: På kvelds- og nattetid vil det bli spesialtransport med eskorte både framme og bak gjennom denne gågata som både har kino, pub og bustadhus.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er litt komikveld, det må eg seia.

Eivind Andreas Endresen både bur og driv butikk i eitt av husa i Sandakergaten i Egersund, kor det skal slusa gjennom rundt 250 rotorblad på rundt 60 meter stykk. Transporten startar måndag, men når NRK snakka med bebuarar og næringsdrivande i gata på torsdag var det få som var informerte om kva som skulle skje.

– Eg blei overraska då eg leste det i avisa. Ingen hadde fortalt meg om det. Det burde dei gjort. Når det er sagt trur eg dette vil gå veldig fint for min del, seier Endresen, som får spesialtransporten like utanfor vindauga.

Eivind Andreas Endresen både bur og driv butikk i eitt av husa i Sandakergaten i Egersund

Eivind Andreas Endresen både bur og driv butikk i eitt av husa i Sandakergaten i Egersund

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Einaste løysinga

Først ut er 50 vindmøller som skal til Tellenes vindpark i Sokndal og Lund. Årsaka til at ein må transportera dei lange vingeblada gjennom gågata, er at dei ikkje klarar den krappe svingen ved rådhuset i byen.

– Me har sett på alle moglege løysingar, men dette var den einaste som ville fungera, seier Arild Fjeldahl i Zephyr, som er ansvarlege for utbygginga av vindparken.

Hamna på Eigerøy var den einaste som var dimensjonert til å ta imot dei store vindmølledelane. For å koma seg ut til Tellenes må ein gjennom sentrum. Når dei 33 turbinane til Egersund vindpark kjem tek dei den same ruta.

Laster kart, vennligst vent...

Her kan du sjå korleis transportruta for Tellenes og Egersund vindpark er tenkt.

Beklagar lite info

Arild Fjeldahl frå firmaet Zephyr

Arild Fjeldahl frå firmaet Zephyr.

Foto: Mathias Oppedal / NRK
Jone Omdal som er veg- og utemiljøsjef i Eigersund kommune

Jone Omdal er veg- og utemiljøsjef i Eigersund kommune

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Tungtransporten prega sentrum dei fleste kvardagskveldane i rundt eit halvt år framover. Politiet ber trafikantar om å visa omsyn når dei møter på den breie og lange transporten.

– Målet er at transporten til dei to parkane skal samordnast på ein måte slik me er ferdige til sommaren, seier Jone Omdal som er veg- og utemiljøsjef i Eigersund kommune.

Sjølv om både støyen og aktiviteten vil auka, har dei som bur i sentrum fått lite informasjon. I Dalane tidende fekk Zephyr kritikk frå Vegvesenet om sein informasjon.

Informasjon var også tema då kommunen, politiet, brannvesenet og selskapa som er involvert i utbygginga av vindparkane møttes tysdag.

– Det er beklageleg dersom nokon opplever det. Dette er komplekst og det er mange involverte. Det kan vera ei utfordring å få informasjon ut til alle partar, seier Fjeldahl.

Nå skal alle som bur i området få eit skriv i posten med detaljert informasjon.

– Det er litt seint, men det går fint. Når ein bur i sentrum av ein by må ein rekna med litt støy, seier Endresen.

Fjeldahl på si side gler seg over å få på plass turbinane til Tellenes vindpark som vil vera den vindparken i Noreg som produserer mest energi.

Vindmøllebitar

Dei første delane av vindturbinane har allereie kome til hamna på Eigerøy.

Foto: Mathias Oppedal / NRK