Hopp til innhold

Her skal syklistane ha prioritet

I dag opna Noreg si første sykkelprioriterte gate i Stavanger sentrum. – Dette er berre starten på eit større sykkelløft, sa bystyrepolitikar, Per A. Thorbjørnsen, under opninga.

Sykkelgata i Stavanger

SYKKELGATE: I Møllegata i Stavanger sentrum er det syklistane som skal ha prioritet. Det er likevel vanlege trafikkreglar som gjeld.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Raudfargen skal signalisera for bilistar at Møllegata i Stavanger er ei gate utanom det vanlege. Her er det nemleg syklistane som skal ha prioritet.

– Eg er veldig stolt. Me ligg ikkje så bra an samanlikna med dei andre storbyane i Noreg når det kjem til bruk av kollektivtransport, men nå er me først ute med sykkelveg, sa bystyrepolitikar frå Venstre, Per A. Thorbjørnsen, som fekk æra av å klippa snora i dag.

Per A. Thorbjørnsen under opninga av ny sykkelgate

Per A. Thorbjørnsen under opninga av ny sykkelgate.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Vanlege trafikkreglar

Ideen er henta frå Danmark og Nederland. Sjølv om gata er såkalla sykkelprioritert er det dei vanlege trafikkreglane som gjeld.

– Når bilistane ser den raude asfalten kjem dei til å tenka at nå er det syklistane som har den sjølvsagde forkøyrsretten, seier Thorbjørnsen, som også sa at dette berre er eit startskot for kva syklistane har i vente.

Det meste tyder ifølgje bystyrepolitikaren på at det kjem nye raude gater frå alle bydelane inn mot sentrum og dei store institusjonane i området.

– Slike prosjekt har me lov til å vera utolmodige med. Så må me ha meir tolmod når det kjem til sykkelstamveg langs motorvegen, seier Thorbjørnsen.

Joar Skorpe

Joar Skorpe bur ved Møllegata, og fryktar til at den raudmåla vegen kan føra til ulukker.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Saknar betre skilting

Trass mykje glede og jubel i Møllegata i dag var det også kritikarar å spora i publikum.

Nabo og bensinstasjonsinnehavar, Joar Skorpe, meiner at gata kan gi syklistar falsk tryggleik. Han meiner farlege situasjonar kan oppstå.

– Eg liker veldig godt ideen om ein sykkelprioritert veg, men eg er uroleg for manglande informasjon, seier Skorpe.

Han meiner at det burde bli sett opp skilt i tverrgatene, og at det skulle kome meir informasjon ut om kva ei sykkelprioritert gate er.

– Når syklistar høyrer at dette er ei sykkelprioritert gate tenker dei at det berre er å køyra på, men det er jo vanlege trafikkreglar som gjeld, seier han.

Thorbjørnsen er samd i at det kan bli litt forvirring i starten, men trur at det vil gå seg til.