Hopp til innhold

Noregs Fiskarlag uroa for fjordane

Meiner dumping av gruveavfall og andre industriutslepp er ein alvorleg trussel. To fjordar i Rogaland blir brukt som døme.

AF Decom hogger opp gamle oljeinstallasjoner ved anlegget i Vats.

AF Decom driv med opphogging av gamle oljeinstallasjonar ved Yrkjefjorden.

Foto: Miljøvernforbundet

Noregs Fiskarlag meiner at dumping av gruveavfall og andre industriutslepp på ny er i ferd med å bli ein alvorleg trussel mot miljøtilstanden i norske fjordar. Fiskarlaget skriv dette i eit sterkt kritisk brev til Miljøverndepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet.

Bakgrunnen er fleire nye industriprosjekt, som kan føra til deponering av store mengder gruveavfall og utslepp av giftige kjemikalier. Fiskarlaget krev å bli tatt med på råd for å få innverknad på avgjerdene i slike saker.

Jøssingfjorden og Yrkjefjorden

Fiskarlaget er uroa over planane til Titania i Sokndal. Dei skal kanskje starta opp att deponering av gruveavfall i Dyngadjupet utanfor Jøssingfjord.

Også AF Decom Offshore si verksemd på Raunes i Nedre Vats i Vindafjord skapar uro hjå Fiskarlaget. Organisasjonen meiner verksemda kan føra til store utslepp av miljøgifter i Yrkjefjorden.

Denne fjorden blir hevda å vera ein svært viktig fiskefjord, og det blei i 2009 tatt cirka 20 000 tonn sild her. Noregs Fiskarlag har derfor stilt spørsmål ved om dette er rett område for å lokalisera eit større anlegg for opphogging av petroleums-installasjonar, heiter det i brevet.

Fiskarlaget ber no om eit møte med departementa for å drøfta dei problemstillingane som blir tatt opp i brevet.