Hopp til innhold

Slik har Noreg følgt Danmark gjennom pandemien

Dagleg las tidlegare helseminister Bent Høie danske aviser og teksta ofte med landets helseminister. Slik utfordra han FHI og Helsedirektoratet i koronamøte.

Fotballsupportere

Det er deilig å vera norsk i Danmark? Det har i alle fall vore deilig å ha Danmark som hjelpar under koronapandemien. Bilde er frå tilbake i 2003 då det var EM-kvalifiseringskamp mellom Danmark og Noreg.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Me har levd lenge med virus, smittevernreglar og tiltak. Men nå slepper Noreg meir opp. Truleg vil tiltaka også vere borte i Noreg innan 17. februar.

Men trass rekordhøge smittetal er me ikkje åleine. 9. februar skal Sverige avvikle sine koronarestriksjonar. Men først ut blant nabolanda var Danmark som allereie har opna opp.

Og det er ikkje første gong Noreg kjem med sine tiltak eller opningar, kort tid etter Danmark. Tilfeldig?

Tja ... La oss sjå tilbake på denne koronatida.

Nedstenging og gjenopning

12. mars 2020. Ein dato mange hugsar. Koronaviruset var kome til Noreg, og landet stengde ned. Dei strengaste tiltaka i Noreg i fredstid.

Men ikkje berre her. Dagen før, 11. mars, stengde Danmark ned alle skular og barnehagar.

Ja, ok. Men dette var heilt i starten tenkjer du kanskje. Ikkje så rart mange gjekk i same spor då.

Men la oss spole tilbake til ein annan dag merkedag. Gjenopninga 25. september 2021. Ein gledas dag. Men glade dagar var det allereie i Danmark. Merkedagen for gjenopning der var nemleg 10. september.

Gjenåpning på The Hub i Oslo

Det var god stemning i heile Noreg 25. september 2021. Her frå gjenopninga i Oslo.

Foto: Milana Knezevic / NRK

Årsaka til at Danmark har låge framføre Noreg i smitteutviklinga, veit me ikkje, men det kan ha handla om to ting.

Det eine er at folk i Danmark bur tettare på kvarandre. I tillegg ligg dei nærmare resten av Europa enn Noreg gjer.

Dei har òg hatt mindre konsekvente innreisereglar.

I sum kan dette ha hatt stor betydning for når dei nye virusvariantane blir dominerande i dei to landa.

Statistikk viser at nye variantar blir dominerande mellom 14 dagar og ein månad før i Danmark enn i Noreg.

– Aldri lagt vekt på andre lands tidsplanar

Og dette har vore ein stor fordel for Noreg i pandemihandteringa.

For FHI og Statens Serum Institut (SSI), som er det danske svaret på FHI, har gjennom pandemien hatt eit veldig tett samarbeid.

Dei har heile vegen utveksla erfaringar, og Noreg har spesielt hatt stor nytte av kva erfaringar Danmark gjer seg, som stenger ned og opnar opp før Noreg.

Espen Rostrup Nakstad, assisterende helsedirektør

Assisterande helsedirektør, Espen Rostrup Nakstad, påpeiker det er ein god del Danmark har gjort som Noreg ikkje har gjort. Til dømes bruken av koronasertifikat.

Foto: Kari Lie / NRK

Ifølge assisterande helsedirektør Espen Nakstad har dei ikkje sett mykje til Danmark eller andre land når dei skal bestemma seg for tiltak.

– I Helsedirektoratet har me aldri lagt vekt på andre lands tidsplanar, og me har heller ikkje kjent til dei. Men me har fortløpande analysar kva andre land gjer, og kva effekt dei får av tiltaka, seier han.

Delte erfaringar

Tidlegare Helseminister, nå Statsforvaltar i Rogaland, Bent Høie, har ei litt anna oppfatning.

Han har hatt eit nært samarbeid med sine skandinaviske helseminister-kollegaer.

– Eg hadde nok mest erfaringsutveksling med den danske helseministeren, sidan Sverige gjekk litt andre vegar, seier Høie til NRK.

Dei delte ofte erfaringar med kvarandre, og var ofte i kontakt via SMS, Teams-møter eller via telefon.

Magnus Heunicke

Danmarks helseminister, Magnus Heunicke, har vore god å ha for vår tidlegare helseminister, Bent Høie.

Foto: RITZAU SCANPIX / Reuters/NTB

Samtalane var alt frå det personlege til å hjelpe kvarandre som var i same situasjon.

Danmark hadde akkurat dei same diskusjonane som oss, berre på eit litt tidlegare tidspunkt. Eg leste dagleg danske nyheiter under pandemien, og brukte det til å utfordre FHI og Helsedirektoratet, seier Høie.

Høie er heilt klar på at dette gjorde den norske pandemihandteringa enklare.

Bent Høie på valgvake til Høyre i på Gaffel og Karaffel i Stavanger

Statsforvaltar i Rogaland, og tidlegare helseminister, Bent Høie meiner det var ein stor fordel av Danmark låg føre Noreg heile vegen.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Me kunne sjå på effekten i Danmark, og når FHI og Helsedirektoratet hadde forklaringar, drog Camilla Stoltenberg alltid gjennom nokre dokument om korleis situasjonen var i Danmark.

Det er derimot ikkje slik at Noreg har kopiert Danmark i pandemihandteringa, men dei har lært av kvarandre.

Men Noreg hadde nok ein større fordel enn Danmark, sidan dei var før oss, seier han.

Tøff bølge for Danmark

Det er likevel nokre vesentlege forskjellar mellom landa. Ein av dei er at Danmark reagerte seinare enn Noreg på haustbølga av smitte i 2020.

Dei fekk ei tøff bølge med mange daude og hard nedstenging. Danskane har og sidan november i fjor hatt ei kraftigare smittespreiing og høgare dødsrate enn Noreg.

Landas ulike politikk har også spelt ein rolle. I Danmark har tiltaka blitt til gjennom forhandlingar i nasjonalforsamlinga, medan i Noreg har det vore lite av det.

gjenåpning fargegata fest

Danseglade menneske i fargegata i Stavanger under førre gjenopning. Men enn så lenge må nordmenn vente med dansing på byen.

Foto: Kristoffer Apall / NRK

Nå står det berre att å sjå korleis det går med opninga for både Noreg og Danmark. For no får danskane får lov til å danse på byen. Det får ikkje me.

Men etter å ha lest denne artikkelen er det kanskje håp?