Noreg får færre dosar av AstraZeneca-vaksinen denne veka

AstraZeneca leverer 25.000 færre vaksinedosar enn venta denne veka. Det kan forseinka vaksineringa av helsepersonell ute i kommunane.

AstraZenecavaksinen

Fleire tusen helsearbeidarar rundt om i landet skal etter planen få tilbod om å ta AstraZeneca-vaksinen.

Foto: ALAIN JOCARD / AFP

– Det var synd. Nå var me førebudde på å få ei stor mengde med dosar i veke ni, seier direktør for helse og velferd i Stavanger, Eli Karin Fosse.

I slutten av sist veke fekk Stavanger kommune beskjed om at dei ville få 3000 dosar med AstraZeneca-vaksinen i løpet av denne og neste veke. Nok til å vaksinera halvparten av kommunen sitt helsepersonell.

Eli Karin Fosse

Eli Karin Fosse er helsedirektør i Stavanger kommune.

Foto: Siv Egeli/Stavanger kommune /

Går ned med ein tredel

Men i går kveld fekk Folkehelseinstituttet (FHI) beskjeden om at AstraZeneca ikkje greier å levera som planlagd denne veka. Noreg skulle etter planen fått 65.565 dosar mot slutten av veka, men selskapet greier berre å levera 40.800 dosar.

– Det var desse dosane som FHI hadde planar om å distribuera i byrjinga av veke ni. FHI jobbar nå med å gjera om fordelinga og vil gi beskjed så snart det er klart, skriv leiar for vaksineforsyninga i FHI, Knut Jønsrud til NRK.

For Stavanger betyr det at dei kanskje ikkje får dei 1800 dosane dei var lova i veke ni.

– Me skulle jo gjerne sett at alle var ferdig vaksinerte for lenge sidan. Med AstraZeneca-vaksinen skal det også gå mellom ni og tolv veker frå første til andre dose. Difor er det viktig at me får sett første dose så fort som mogleg, seier helsedirektøren i Stavanger.

Vil koma sterkare tilbake

AstraZeneca seier til NRK at leveransane vil variera noko, men at dei jobbar med å auka testkapasiteten slik at dei kan senda ut fleire vaksinedosar.

Jacob Lund

Kommunikasjonsdirektør i AstraZeneca, Jacob Lund.

Foto: AstraZeneca

Og sjølv om Noreg får færre dosar no, skal det ta seg opp i mars, ifølgje selskapet.

– Det er ein liten nedgang i februar og så blir det ei auke i mars, så totalt så skal voluma for første kvartal bli lik eller høgare enn det me nyleg har kommunisert, seier kommunikasjonsdirektør i AstraZeneca, Jacob Lund.

Startar vaksineringa denne veka

I Stavanger får dei 1200 dosar denne veka. Og kommunen vil gå i gang med vaksineringa så snart som råd.

Det har vore debatt rundt bruken av AstraZeneca-vaksinen. Den er mellom anna berre anbefalt for personar under 65 år og i to regionar i Sverige valde dei å stoppa vaksineringa av helsepersonell midlertidig, fordi fleire hadde fått milde biverknadar.

Men det uroa verken FHI eller Legemiddelverket i Noreg. Her er planen at fleire tusen helsearbeidarar skal vaksinerast med AstraZeneca-vaksinen. Helsedirektøren i Stavanger håpar flest mogleg takkar ja.

– Råda og meldingane frå dei sentrale helsestyresmaktene er at denne vaksinen er trygg og at den gir beskyttelse. Difor håpar me at vårt helsepersonell takkar ja til tilbodet dei nå får om å vaksinera seg, seier Fosse.