NRK Meny

Nordtveit mister landskampar

Fotballspelar Håvard Nordtveit har meldt forfall til dei to VM-kvalifiseringskampane i fotball mot Aserbajdsjan og San Marino. Den skadde vatsbuen blir erstatta av Moldes Ruben Gabrielsen, melder Norges Fotballforbund. Norge møter Aserbajdsjan borte komande laurdag. Tre dager seinare den 11. oktober er det heimekamp mot San Marino på Ullevaal stadion.