Hopp til innhold

Nordsjørittet kan bli prega av nedgangstidene

Harde tider i oljeindustrien vil truleg føra til bedriftslag med færre syklistar ved neste års Nordsjøritt. Nå håper arrangøren på ein auke i talet som melder seg på privat.

Nordsjørittet

Arkibilete frå Nordsjørittet 2015. Då var det 10.200 påmelde, men berre 8.000 som sykla.

Foto: Kjetil Alsvik

– Me forstår veldig godt at mange utsatte bedrifter har andre ting i tankane enn sykling akkurat nå, seier dagleg leiar i Nordsjørittet, Siri Ommedal, til NRK.

Sundag startar påmeldinga til Nordsjørittet 2016. I år hadde dei om lag 10.000 påmelde syklistar. Om det blir færre neste år er ikkje sikkert, men det vil bli truleg færre som syklar med firmalogoen til oljerelaterte bedrifter på brystet.

Siri Ommedal

Siri Ommedal er leiar for Nordsjørittet. Ho satsar på at rittdeltaking utan tidtaking vil lokka fleire til å melda seg på det ni mil lange rittet.

Foto: Pia Hetland / NRK

Håper på fleire private påmelde

Kanskje ikkje svært overraskande med tanke på at om lag 25.000 personar har mista jobben som følgje av nedgangstidene i olja. Svært mange bedrifter i Rogaland er råka, også firma som ikkje er direkte relatert til oljeindustrien.

– Me har fått signal om at det vil bli færre påmelde frå ulike bedriftslag. Mange av dei større oljebedriftene har jo færre tilsette nå enn tidlegare, så det er jo naturleg, seier Ommedal.

Ho legg til at det til gjengjeld også vil dukka opp nye lag. Uansett kva enkeltbedrifter vel å gjera meiner Ommedal at Nordsjørittet er ei god investering i helsa.

– Mange er vande med at bedriftene legg godt til rette for dei, med påmelding og trening fram mot rittet. Me håper jo at dei som ikkje lenger får sykla for bedrifta si vil melda seg på privat, eller gjennom den nye bedrifta der dei eventuelt har fått ny jobb, seier ho.

Sykling utan tidtaking

Nordsjørittet opplevde ein nedgang påmelde i fjor (10.200) samanlikna med dei tre føregåande åra då det var 12.500 påmelde. Nå presenterer rittleiinga to nyvinningar, som kan gjera det aktuelt for fleire å delta.

Dei vil mellom anna gjera det mogleg å sykla utan tidtaking.

– Og dette er noko folk har ønska seg. Å kunne sykla utan å bli teken tida på er vanleg på ein del ritt i Europa, og for mange blir det nok enklare å sykla med turen og folkefesten i fokus, seier Ommedal.

I tillegg vil kortløypa, som blei presentert i fjor, bli open også for menn.

Opnar for menn i kortløype

– I fjor var det hadde me ei vellukka erfaring med 400 damer som sykla mellom Nærbø og Sandnes. Nå inviterer me også menn, seier ho.

Så vil det visa seg om dette får ein positiv innverknad på talet påmelde, eller om Nordsjørittet blir med litt nedover i dragsuget etter dei store kutta som blir gjort av oljeselskapa.