Hopp til innhold

Nordlie ferdig i Avaldsnes

Tom Nordlie trekk seg frå trenarjobben i Avaldsnes med umiddelbar verknad.

Tom Nordlie

FERDIG PÅ DENNE BENKEN: Tom Nordlie trekk seg som trenar i Avaldsnes.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Det stadfestar klubben i ei pressemelding tysdag kveld.

– Tom Nordlie og klubben beklagar tidspunktet dette skjer på, då me har kvalifisert oss til cupfinalen og ligg i posisjon med fire poengs forsprang til å få ein plass i Champions League, skriv klubben på sine heimesider.

– Nokre gonger må ein setja andre ting i livet framfor fotball. Tom Nordlie ønskjer klubben, støtteapparat og spelarane lukke til vidare og håpar at suksessen held fram, står det vidare.

Verken Tom Nordlie eller klubben vil koma med fleire kommentarar.