NRK Meny

Nordisk meister i vektløfting

Zekiye Nyland frå Tysvær Vektløfterklubb blei i går nordisk meister i vektløfting. Ho løfta 84 kilo i rykk, og 100 kilo i støyt, og vann dermed 58-kiloklassen. – Eg er aldri 100 prosent fornøgd og skulle gjerne løfta nokre kilo til. Men det var gull som var målet, og det var veldig herleg å klare det, seier Nyland til Haugesunds avis.