Hopp til innhold

Nokasfilm nominert til Amandapris

Filmen om Nokasranet i Stavanger er nominert til Amandapris for årets beste film.

Fra Nokas-filmen

FRÅ FILMEN: 250 000 såg filmen hausten 2010

Foto: Alligator/Sandrew Metronome

– Med rekordmange norske filmar, heile 34 stykk, har årets nominasjonsprosess vore svært omfattande, seier festivaldirektør og leiar for Amandakomiteen, Gunnar Johan Løvvik.

Då planane om ein Nokas-film først vart lansert var ein del skeptiske, mellom anna meinte ransdømte Erling Havnå at filmen kom for tidleg.

regissør Erik Skjoldbjærg

F.v. produsent Jan Aksel Angeltvedt, regissør Erik Skjoldbjærg og manusforfatter Christopher Grøndahl

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

250 000 såg filmen hausten 2010, og filmen var den tredje mest besøkte norske filmen i fjor.

Erik Skjoldbjærg regisserte filmen og konkurrerar med "Kongen av Bastøy" av Marius Holst, og Vibeke Løkkebergs dokumentar "Gazas Tårer".

Prisen vert delt ut under filmfestivalen i Haugesund 20. august.