Hopp til innhold

– Eg skulle ønskja det varte lenger

Mods-musikalen Revansj hadde premiere i kveld. Sjå reaksjonane frå publikum og dei involverte her.

Mods-musikalen Revansj hadde premiere i kveld. Sjå reaksjonane frå publikum og dei involverte her.

►SJÅ VIDEO: Her er spontanreaksjonane frå publikum og involverte like etter premiera. Helge Hummervoll frå Mods var stornøgd.

Etter ein svær stadionkonsert og eit plateslepp skal nå Mods-året bli runda av med musikalen, som hadde premiere i det nye konserthuset i Stavanger i dag.

Etter den første førestellinga mangla det ikkje begeistring i den Mods-frelste byen.

– Dette var kjempebra og eg storkoste meg. Eg skulle ønskja det varte lenger, så det var nesten synd at me ikkje laga ei plate til, seier Helge Hummervoll frå Mods.

17.000 billettar selde

Det er allereie seld 17.000 billettar til dei 25 musikalane som skal vera framover nå.

Musikalen bygg på songane frå det populære 80-talsbandet Mods, som har fått ein ny vår i år.

Vokalist i Mods, Morten Abel, var sjølvskriven gjest under premiera.

– Imponerande prestasjonar

NRK snakka med Abel på den raude lauparen før showet byrja.

– Eg storkoste meg under prøvane i går også. Dei har fått til eit fantastisk show med høgt tempo og veldig imponerande skodespelarprestasjonar.

– Dei har tatt nokre grep som eg meiner er både modige og friske, seier Abel.

Sjå resten av intervjuet med Abel her:

Nå ikveld er det premiere på Mods musikalen Revansj i Stavanger Konserthus. Det er Stavanger Revyteater som har laget feel-good- musikalen med utgangspunkt i sangene til pop-gruppen Mods.

►SJÅ VIDEO: NRK-reporter Morten Wiik Larsen snakkar med Morten Abel før premiera på musikalen om bandet hans.