Hopp til innhold

Nøgd med kommunen sitt svar

Fylkesmannen i Rogaland er nøgd med svaret Stavanger kommune kom med i Tyrkia-saka.

Det var i 2006 to norsk-tyrkiske gutar blei henta til Norge, trass i utreiseforbod frå tyrkiske styresmakter.

I eit brev til Fylkesmannen held rådmannen i Stavanger fast på at kommunen ikkje var involvert i planlegginga av utreisa i Tyrkia-saka, og at kommunen ikkje godkjende metoden som blei valt.

Fylkesmannen meiner rapporten gir svar på alle spørsmål, og sender den vidare til Statens helsetilsyn.

I ei tekstmelding til NRK Rogaland skriv fylkesmann i Rogaland Harald Thune:

– Fylkesmannen sender saka til Statens helsetilsyn utan ytterlegare kommentarar.