Hopp til innhold

No tar titusenvis av fotballgale rogalendingar over hovudstaden

Oslo blir farga kvit og mørkeblå denne helga. Meir enn 20.000 supporterar frå Viking og FKH ladar opp til den store kampen på sundag. Og på laurdag skal Viking fylle Spektrum med ein real cupfinalefest.

FKH-supportere på vei til Oslo for å se cupfinalen

LANG KØ: Supporterar frå FK Haugesund var klare for å dra med flyet til Oslo frå Haugesund lufthavn, Karmøy fredag morgon. Det er venta eit Oslo fullt av rogalendingar denne helga.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Eg trur me kjem til å dominere Ullevaal, seier Viking sin salssjef, Børge Moi Nilsen.

Stavangerlaget selde ut sine 8500 billettar i ein ellevill fart, og mange Viking-supporterar har også sikra seg billettar frå Fotballforbundet.

– Mitt tips er 15.000 som heier på Viking på stadion på sundag. Eg pleier å gjette ganske bra, seier Moi Nilsen.

Viking-fans er klare for avgang til Oslo og cupfinalen.

STOR STEMNING: Håkon Haugen og Otto Østebø har kledd seg opp for anledninga. Dei var klare for å fly til Oslo frå Stavanger lufthavn, Sola fredag morgon.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

For 40 år sidan møttest Haugar og Viking i cupfinalen. Den gong var det Viking som stakk av med sigeren. Her kan du sjå høgdepunkta frå 1979.

Berre eitt mål med turen

Begge laga arrangerer kvar sin cupfinalefest kvelden før. Viking forventar opp mot 6000 folk til Oslo Spektrum, medan FKH si opplading på Røverstaden vil ta imot 1500 personar. FKH skal også ha eit parallelt arrangement på Parkteatret, med opp mot 800 deltakarar.

– Om lag 7000 FKH-supporterar er i Oslo denne helga, seier medieansvarleg Runar Nordvik i FK Haugesund.

Runar Nordvik, medieansvarlig i FKH.

Runar Nordvik i FKH.

Foto: FK Haugesund

Han er tydeleg på at FKH berre har eitt mål med turen.

– Det er å vinna cupfinalen. Og vi er sterke i trua, det vil gå viss vi leverer på vårt beste. No har vi vore gode i ein lang periode, seier Nordvik.

Han er trygg på at FKH og supporterane vil skape ein heilt spesiell cupfinalefest.

– Støtten frå publikum har alltid utruleg mykje å seie for spelarane, den gjer dei eit løft. Og eg vil tru at cupfinalefesten for folk frå Haugesund startar allereie fredag ettermiddag.

Dette er cupfinalelåten til FKH:

Ingen bakrus sundag

Salssjefen i Viking er ikkje redd for at ein heidundrande fest på laurdag kan dempe iveren på sundag.

– Jo betre stemning dagen før, jo betre opplading til kampen, seier Moi Nilsen.

Børge Moi Nilsen

Børge Moi Nilsen i Viking.

Foto: Arild Eskeland / NRK

300 av Vikings ivrigaste supporterar har plass like bak mål, og vil bli som ein slags motor på tribunen.

– Dei kjem til å styre stemninga. Men det viktigaste er jo å vinne kampen, understrekar Moi Nilsen.

– Kven tar gullet?

– Viss eg gjettar, jinxar eg kampen. Derfor: Ingen kommentar.

Dette er cupfinalelåten til Viking:

Cupfinalen sendast direkte på NRK 1 klokka 13.05 på sundag. På NRK 2 kan du sjå opplading til finalen med programma Cup er cup klokka 11.30 og Før cupfinalen klokka 12.25.

Finalen sendast også på NRK P1 frå klokka 13.03 på sundag.

Og på laurdag sender NRK Rogaland eit to timars direkteshow frå Karl Johan på NRK P1 frå klokka 14 til 16.