NRK Meny
Normal

No får barna igjen kose med ekle krypdyr

Dei høyrer ikkje til i den norske naturen, men på Vitengarden kryr det av tarantellar, skorpionar, kakerlakkar, pinnedyr og tusenbein.

Utstilling av ekle krypdyr

Vilde Puntervold, Anne Stødle Bowitz og Martine Nodland Tagholt fekk sjå og ta på ein levande tarantella for første gong.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Sjå det dyret der! Ein «graps»!

Utstilling av ekle kryp

Leo Rizgar Ahmed gjekk frå bur til bur for å sjå dei mange krypdyra på nært hald.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Leo Rizgar Ahmed og dei andre barna i Breidablikk kulturbarnehage på Nærbø får sjå dei eksotiske krypdyra for første gong.

Nokon er litt skeptiske, men ikkje Leo. Han er trygg på at han ikkje kjem til å bli angripen av dei små dyra.

– Eg kan jo berre trø på dei, seier han sjølvsikkert.

40 ulike artar

Det har gått ni år sidan Vitengarden på Nærbø sist hadde tarantellaer på besøk. Sidan då har jærbuen mast om å få dei tilbake.

– Det var veldig populært då me hadde ei slik utstilling i 2008. Etter kvart som åra gjekk var det fleire og fleire som etterlyste ei ny utstilling. No fekk me endeleg høve til å gjera det, seier avdelingsleiar ved Vitengarden, Helene Larsen.

Og denne gongen er det langt fleire eksotiske krypdyr dei besøkande får sjå. Totalt er 40 ulike artar stilt ut.

Helene Larsen

Avdelingsleiar Helene Larsen er glad for at krypdyra endeleg er på plass. Utstillinga held fram til november.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Barna er heilt i ekstase når dei ser krypdyra. Det er ikkje noko dei er vande med å sjå i den norske naturen, seier Larsen.

Klarte å rømme

På utstillinga for ni år sidan skjedde det som ikkje skulle skje: nokre av kakerlakkane klarte å stikke av.

– Det var jo ein spesiell oppleving, men heldigvis var dei ikkje farlege. Den eine fant me i kjellaren to månader etterpå, seier Larsen.

Denne gongen er òg giftige artar stilt ut. Larsen garanterer likevel at desse ikkje skal greie å kome seg ut av buret.

– Me har gode rutinar på dette. Bura er heilt sikre, og det er berre våre eigne folk som gir desse mat, seier ho.

Dei fleste dyra er likevel heilt ufarlege. Nokre av dei får til og med barna høve til å ta på, mellom anna ein tarantella. Leo Rizgar Ahmed var sjølvsikker før han såg dyret på nært hald, men er litt meir skeptisk no. Til slutt tør han å ta fram handa.

– Oi, den berre går! Eg syns den er veldig søt, seier han, letta over at han torde.

Utstilling av ekle kryp
Foto: Eirik Gjesdal / NRK