NRK Meny
Normal

No er dei i gang med å reparera Domkyrkja

I dag starta arbeidet med å restaurera glasmåleria i Domkyrkja i Stavanger. Delar av måleria vart øydelagde i desember i fjor, då det vart kasta stein på kunsten.

I dag starta arbeidet med å restaurere glassmaleriene i Domkirken i Stavanger. Deler av maleriene ble ødelagt i desember i fjor - da det ble kasta stein på kunsten.

SJÅ REPORTASJEN: Arbeidet med å fiksa glasruta er i gang.

Ekspertar frå Nidarosdomen er i gang med eit puslespel som dei sjølv kallar risikosport. Bit for bit fjernast sementen rundt glasmåleria på fasaden av Domkyrkja.

Fire steinar gjennom glaset

– Her må me vera veldig forsiktige. Det er betre å bruka god tid enn å få skadar på vindauga. Det er risikosport, seier restaureringsteknikar Geir Lyshaug.

Det var i desember i fjor at nokon knuste delar av kunsten ved å kasta fire steinar på glasmåleriet på den austre veggen. Arbeidet med å setta opp eit usynleg nett for å beskytta glaset skulle byrja eit par dagar seinare.

Knuste glas i Stavanger Domkirke
Foto: Silje Bråstad / NRK

Mai neste år

– Det stod klart, men så kom me ikkje så langt at me hadde montert den opp. Og akkurat då kom desse skadane. Det er veldig tragisk, seier Britta Goldberg, prosjektleiar Domkyrkja Stavanger kommune.

I mai neste år skal Domkyrkja på ny skina med uknuste glasmåleri.

– Det er utruleg synd at dette har skjedd. Men no får me det til verkstad slik at me får sett nøye på det, og då skal me kopiera dei bitane som er knuste slik at dei blir like dei som var før. Det er absolutt noko som bør takast vare på, seier restaureringsassistent Elisabeth Sinnerud.