Hopp til innhold

No er han lettare å få på kroken

Den tørre sommaren har ført til lite laks i elvene i Sør-Rogaland. Men etter mykje nedbør i august kan lakesfiskarne smile igjen.

Laks
Foto: Lars Laursen / Scanpix

I juli vart det ikkje fanga ein einaste laks i Hå-elva, og svært få i Bjerkreimsvassdraget. Også i Ognaelva har fisket vore dårleg, men no meiner fiskarane at det har teke seg opp.

Sjur Apneseth

Sjur Apneseth har fått laks på kroken i Ognaelva.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Før me fekk flaumen her så hadde eg berre hadde fått to fiskar, men no har eg fått 35, seier Sjur Apneseth. Han fiskar i Storehølen i Ognaelva.

– Når vatnet kjem opp her, så kjem også laksen, seier han.

Mykje vatn i Bjerkreimselva

Bjerkreimselva blir rekna som den fjerde beste lakseelva i Norge. Men også der har fisket vore skralt i juli. No ser det ut til at det kan gå mot ein god sesong likevel.

– No er vassføringa bra. Eg har trur på at det blir ein brukbar sesong, det er fire veker igjen. Det var ikkje mange som fiska då vassføringa var låg, men no kjem dei for å ta det igjen, seier dagleg leiar i Bjerkreim elveeigarlag, Toril Dalene Gjedrem.

 Toril Dalene Gjedrem

Dagleg leiar i Bjerkreim elveeigarlag, Toril Dalane Gjedrem.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Jamt god sesong i Suldalslågen

I Suldalslågen har fisket vore jamnare. Der er vasstanden førehandsregulert til laksesesongen.

– Me har hatt nokolunde lik fangst som dei to siste åra. Ved midtsesong hadde det blitt fiska 600 fisk på eit gjennomsnitt på 5,7 kilo. Og det er ein bra sesong, seier Sigmund Vårvik i Suldalslågen elveeigarlag.

Tilbake i Ognaelva er Sjur Apneseth skråsikker på kva som gjer at han fangar så mykje laks no.

– Eg fiskar berre med flue, det er mykje kjekkare å få fisk på flua, seier Apneseth.