Hopp til innhold

No blir det avgjort: Kva er Rogalands beste dialektord?

4000 nominasjonar. 700 ord. Ti finalistar. I dag kårar me det beste rogalandske ordet!

Dialektord i Rogaland

Dei ti finalistane til Rogalands beste dialektord. «Vølom» var Oddrun Lund sin favoritt.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Dialektmånaden i NRK Rogaland har engasjert.

Ut frå dei tusenvis av orda de har nominert, kan me kalle rogalandsdialekta for variert og levande.

No blir det heile avgjort. Sjå sendinga her:

Følg innspurten direkte i «Lokalen» i NRK P1 i ettermiddag.

– Hjartespråket vårt

– Dialekt er kjempeviktig, og mangfaldet i Noreg er heilt unikt. Det er ein stor del av den norske kulturarven og identiteten vår, seier Åse Wetås, jurymedlem og direktør i Språkrådet.

Direktør Åse Wetås i Språkrådet

Dialektentusiast og direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

Foto: Moment Studio

– Dialekta er hjartepråket vårt, understrekar ho.

Det er derfor NRK markerer Rogaland mållag sitt 100-årsjubileum med «prosjekt dialekt».

Vegen fram til topp ti-lista har vore slik:

  1. Alle kunne nominere sitt favorittord. Det kom 4000 forslag – og over 700 ulike ord.
  2. Fem ulike juryar frå fem regionar møttest: Jæren, Dalane, Haugalandet, Ryfylke og Nord-Jæren. Dei valde ti favorittar kvar frå alle forslaga. Lista var nede i 50 ord.
  3. Hovudjuryen valde kva ti ord som kom til finalen. Det er desse du kan stemme på i dag.

Dialektforskar Jan Kristian Hognestad var med på det siste valet, og seier at juryen hadde fleire kriterium til lista:

– Orda skal vere mest mogleg brukbare over heile Rogaland. Det er òg ord frå mange livsområde, som representerer det me treng for å beskrive livet.

Dette er rogalendingane sine favorittord.

Dialekt gir demokrati

– Det å ha høve til å bruke dialekta vår over heile samfunnet, og bli forstått, er strålande med det norske språket, seier direktøren for Språkrådet.

Jan Kristian Hognestad

Dialektforskar og førsteamanuensis Jan Kristian Hognestad ved UiS.

Foto: Rikke Lunde Andersen / NRK

Ifølgje Wetås er det demokratisk å kunne nytte dialekt, og at «det gjer avstanden til makta kortare».

– Derfor må me verne om dialektmangfaldet vårt, seier Wetås.

Og NRK Rogaland og Rogaland mållag håpar at denne dialektkonkurransen kan vere eit lite bidrag.

– Eit godt dialektord er brukande, seier dialektforskar Hognestad.

Ta quizen: Hvor god er du i Rogalandsdialekt?

En ekte rogalending vet hva alle de ti beste dialektorda fra Rogaland betyr. Tar du utfordringen?

1/10 vannari

Hva betyr vannari?

2/10 biringe

Hva er du når du er biringe?

3/10 bodda

Hva har du når du har ei bodda?

4/10 løye

Hva betyr løye?

5/10 ommanidom

Hva betyr ommanidom?

6/10 pillefygert

Hva er en pillefygert?

7/10 drolt

Hva betyr drolt?

8/10 knåva

Hva betyr knåva?

9/10 badla

Hva betyr badla?

10/10 forrektige

Hva betyr forrektige?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.