NHO og LO vil berge flyverksted

Arbeidsgruppa som skal finne nye eigarar til flyverkstaden på Sola er klar. Både NHO og LO er med.

Øystein Hansen i LO er med i arbeidsgruppa som vart kjent i dag.

Han seier han vil bruke sine kontaktar både i LO-systemet og mot investorar for å sikre vidare drift.

Dei tilsette ved flyverkstaden bytta ut SAS-navnet med "til salgs" då nedleggingsvedtaket var kjent.
Foto: Karoline Kalstveit / NRK

 

NHO direktør med

Regiondirektør Bjørn Stangeland i NHO, som også er med i arbeidsgruppa, håper også å kunne bidra til å bevare det flytekniske miljøet på Sola.

 Stig Anders Ekker er leiar for Braathens personalteknisk forening. Han meiner at ein ny verkstad vil ha eit stort kundegrunnlag - og vil gjerne også ha forsvaret som kunde.

- Alle som flyr Boeing 737 er kundegrunnlaget, og det er mange. Vi kan egentlig omstille oss til å ta det meste som flyr. Dessutan har vi tidlegare hatt vedlikehaldet for forsvaret sine Orion-fly, seier Ekker. Dermed er det eit godt kundegrunnlag for ein flyverkstad, meiner Ekker.

Om forsvaret som eventuellt ny kunde seier han at forsvaret er ein god og stabil kunde.

Flere nyheter fra Rogaland