NRK Meny
Normal

NHO deler opp Rogaland på nytt

NHO vil drastisk redusere talet på kommunar i Rogaland. Etter næringslivet si meining er seks kommunar nok.

NHO sitt nye kommunekart i Rogaland

Slik er NHO sitt nye kommunekart over Rogaland.

Foto: NHO Rogaland

Vallogo

– Dette er eit innspel for å halde debatten varm, og slik NHO Rogaland ser det kan fylket greitt delast opp i seks kommunar.

Det seier direktøren i arbeidsgjevarorganisasjonen, Hallvard Ween.

NHO direktør i Rogaland, Halvard Ween, på Ullandhaug i Stavanger, med Sola og Sandnes i bakgrunnen

NHO direktør i Rogaland, Hallvard Ween, på Ullandhaug i Stavanger med Sola og Sandnes i bakgrunnen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Nå vil han ikkje sitja og sjå på at nok ein kommunesamanslåingsdebatt endar opp i ingenting.

Felles bu og arbeidsregionar

NHO Rogaland presenterer planar for seks nye kommunar i staden for dei 26 gamle.

– Det som ligg til grunn for NHO si oppdeling er at alle dei nye kommunane skal ha ein felles bu og arbeidslivsregion, og då treng me ikkje meir enn seks kommunar, seier Ween.

Nord-Jæren blir mektigast

Det største folketalet og den største makta kjem Nord-Jæren kommune til å få. Inn i den går øykommunane Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy. I tillegg dei fire nåverande Nord-Jæren kommunane Randaberg, Sola, Stavanger og Sandnes. Og i tillegg er heile Gjesdal inkludert.

Det gjer NHO sjølv om Sandnes har gitt klar beskjed om at dei ikkje vil vera saman med Stavanger.

– Det er mange andre kommunar som også seier nei til å gå saman med andre. Men i denne oppdelinga tar ikkje NHO omsyn til slikt. Me ser på korleis kommunane kan vera rusta til å stå seg 50 år fram i tid, seier Ween.

Frå nordvest til nordaust

I nordvest byrjar Haugalandet kommune, med Utsira, Karmøy, Haugesund, Bokn og Tysvær. I tillegg kjem Sveio frå Hordaland.

– Me har ikkje spurd kva Hordaland meiner, men Haugesund er nå eingong byen for dei frå Sveio, seier Hallvard Ween.

Deretter kjem Indre Haugalandet, som startar med Vindafjord og går vidare til Sauda og Suldal. Også Etne i Hordaland er tatt med.

Ryfylke og sørover

Hjelmeland, Strand og Forsand får namnet Ryfylke kommune. NHO tar ikkje omsyn til at Forsand har trekt seg frå samanslåinga og at det er stor usemje i Hjelmeland om dei skal slå seg saman med Strand.

– Dei som bur i desse kommunane har mykje av den same kulturelle bakgrunnen og dei vil vera i stand til å "drøsa" godt i hop, meiner Ween i NHO.

Namnet Jæren kommune blir spart til Klepp, Time og Hå. Også dei har felles kulturverdiar og næringsbakgrunn, som gjer at dei passar godt i hop, meiner NHO i Rogaland.

Dalane kommune kjem til å innehalde dei same kommunane som i dag, Bjerkreim, Lund, Sokndal og Eigersund. Der byen Egersund blir det naturlege sentrum for handel og offentleg service.