Hopp til innhold

NFF vil granska Viking-bråket

Noregs Fotballforbund skal undersøka brotet mellom Viking og trenar Bjarne Berntsen. Styreleiaren i Viking FK erkjenner regelbrot.

Bjarne Berntsen er ferdig i Viking

MÅTTE GÅ: Det har vore mykje bråk etter at det blei kjent at Viking-trenar Bjarne Berntsen måtte slutta i jobben eitt år før kontrakten går ut.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Noregs Fotballforbund (NFF) stadfestar overfor VG at dei skal sjå nærmare på det svært kontroversielle brotet mellom Viking og trenar Bjarne Berntsen.

– Me tar ein første runde på det nå i løpet av veka. Då vil me be Viking om ei forklaring. Før det vil me ikkje kunna seia så mykje meir, seier Espen Auberg, leiar for juridisk seksjon i NFF, til VG.

Gunnar Martin Kjenner, spesialist i idrettsjuss seier det er naturleg at NFF kjem med ein reaksjon på dette

– Når eit AS går til oppseiing av nokon som er tilsette av klubben, så er det ein grov forgåelse, seier Kjenner

Styreleiar for Viking FK, Rune Bertelsen, innrømmer i eit intervju med Stavanger Aftenblad å ha gjort «ein stor feil» ved å la AS-styret ta seg av sluttforhandlingane med Berntsen.

– Det er mogleg det blir gitt bøter og trekt poeng, om det er grunnlag for å setja dei ned ein divisjon er usikkert, men det ligg i området til ein slik reaksjon, seier Kjenner

Gjorde feil

Det var nemleg Bertelsen, som leiar for Viking FK og dermed er Viking-trenaren sin sjef, som burde tatt seg av forhandlingane.

Det er nemleg fotballklubben, og ikkje aksjeselskapet, som er arbeidsgjevar for Viking sine spelarar og trenarar.

I staden var det styreleiar Thor Steinar Sandvik i Viking AS som tok seg av dialogen med Berntsen.

Det enda i eit bittert brot og full konflikt torsdag. Bjarne Berntsen var langt nede etter den overraskande avskjeden.

– Eg er veldig skuffa og trist. Eg har hatt tre fantastisk kjekke år og er veldig stolt over resultata me har oppnådd, sa Berntsen til NRK.

Berntsen

KRONA SESONGEN: Bjarne Berntsen leia Viking til cupgull og 5.-plass i Eliteserien mot alle odds førre sesong. 26. november blei det kjent at Berntsen ikkje får halda fram som Viking-trenar neste sesong.

Foto: Fredrik Hagen

– Me har gjort feil

Tysdag varslar styreleiar Bertelsen eit møte i Viking FK-styret.

– Me må erkjenna at prosessen ikkje blei bra og at me har gjort feil. Me må få dette på rett spor igjen, seier Bertelsen til NRK.

Styreleiaren i Viking FK forklarer at feilen skjedde då Berntsen ønska ein kontrakt ut over 2021.

Trenarveteranen blei nemleg tilbydd ei rolle som sportsleg leiar det siste kontraktsåret, men takka nei fordi han meinte ein eittårskontrakt var for kort.

Rune Bertelsen

Styreleiar for Viking FK, Rune Bertelsen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Viking FK har arbeidsgjevaransvar for Berntsen og skulle altså tatt seg av desse forhandlingane.

– Stort sett får me dette til å fungera veldig greitt. Men me ser at det ikkje gjorde det denne gongen med denne konfliktsituasjonen, seier Bertelsen.

– Men du er styreleiar i Viking FK og sit i styret i Viking AS. Kvifor greip du ikkje inn då dette skjedde?

– Det var snakk om å inngå ein sluttavtale med Bjarne og me forstod det var semje om at det var aktuelt. Me oppfatta det ikkje som ei oppseiing. Men me fekk også vita at Bjarne ønska nokre år til å Viking. Då skulle me vore vakne og sagt at dette må det snakkast meir om.

Bertelsen håpar og trur klubben klarer å samlast om å finna ein måte å styra på framover.

– Me skal i alle fall læra av dette og nokre frå styret i Viking FK ønsker dialog med Bjarne Berntsen.

Det store spørsmålet er nå om dette endar med at Bjarne Berntsen får halda fram i klubben også etter 1. januar 2021.